Det er inga motsetnad mellom næring og arrangement

Av
DEL

LesarbrevEr arrangementsfond viktigare enn næring, spør Geir Stadeløkken og Vågå Ap i eit lesarinnlegg. Nei, det er det ikkje, men det er gode grunnar for at vi treng begge delar, eg skal her berre presentere tre av dei:

1. I formannskap for nokre år attende fekk vi ein orientering frå næringskonsulenten. Ho hadde sett opp kva næringsfondet hadde vore brukt til dei siste åra. Den oversikten synte at ulike arrangement var det som hadde fått mest i tilskot. Både vi politikarar og næringslivet sjølve hadde såleis over fleire år nytta næringsfondet som arrangementsfond. Ulempa var at dette fondet ikkje var så godt eigna, og at tilskota ikkje trefte så godt som dei kunne. Framlegget om arrangementsfond kom som eit framlegg for å få kartet til stemme betre med terrenget, både for dei som søker og for oss som tildeler.

2. Vågå Ap legg opp til eit skilje mellom «harde» og «mjuke» pengar, der næringsfondet gjev verdiskaping og arrangement gjev kos. Men både kultur og ulike arrangement kan være næring, og at vi i Vågå kan ha arrangement som Landskappleiken, Traktorrock, Fjellfilmfestivalen og Høkkers invitational bidreg til verdiskaping og omdømebygging. Samarbeide mellom frivillige, næringsaktørar og kommunen for å få dette til er heilt avgjerande, og skal Vågå utvikle seg som arrangementsbygd treng vi eit slikt tilskot som insentiv.

3. Det stemmer at Sp har jobba for å auke arrangørfondet, og ved siste budsjetthandsaming var det i stor grad ein flytting av pengar som skulle nyttast til arbeide med Munch og Galleri. Både masterplanen for galleri Ullinsvin og ein rapport om arbeidet for å gjere Vågå til ein Munch-destinasjon slår fast at vi treng mykje meir aktivitet og ulike arrangement for å fylle desse satsingane med innhald. At kommunen sjølve skal kunne klare det er utenkeleg og ikkje minst utruleg kostbart. Vi får mykje meir arrangement, kultur og innhaldsproduksjon igjen for kvar krone, om vi kan støtte andre aktørar, næringsdrivande eller frivillige.

Det er ingen motsetnad mellom næring og arrangement, mellom verdiskaping og kultur. Bakgrunnen for arrangementsfondet er basert på erfaring og kunnskap, og slik vil Vågå senterparti halde fram å utvikle politikk i tråd med behova.


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags