Barnehagane i Vågå

Av
DEL

LesarbrevVi er heldige i Vågå som har gode private og kommunale barnehagar. Tilbodet er samansett og dei ulike tema- og innrettingane på barnehagane gjer at foreldre har moglegheit til å velje og tilpasse sin kvardag. I alle barnehagane kan dei fortelje om foreldre som ville flytte til Vågå og ringte for å høyre om barnehagen, og var imponert over det tilbodet vi hadde. Det er fagleg forankra, variert og fleksibelt.

Førre veke var politikarar frå alle dei politiske partia på besøk i barnehagane i Vågå, både dei private og offentlege. Det er ikkje tvil om at det er dyktige og engasjerte folk som driv barnehagane i Vågå, og at ungane har det bra. Alle partia er samde om at vi skal ha full barnehagedekning, følge gjeldande lover og forskrifter, og at vi har same ansvar for tilbodet som blir gjeve til ungane, enten det er i ei privat eller kommunal barnehage. I debatten som gjekk rundt bordet på dei ulike besøka er det likevel tydeleg at vi partia kan ha noko ulikt syn på barnehagane, og kva vi ønskjer og forventar av dei. Politikarane sin oppgåve er ikkje berre å løyve pengar og så overlate resten til fagfolk. Kommunestyret må også ta stilling til vegval, mål, tilbod og forventningar til barnehagane. Barnehagen er ikkje leik under tilsyn, det er læring, sosial trening, mestring, øving på ferdigheiter, kvardag og rettleiing for nærare 80 ungar.

Tid er eit nøkkelord i barnehagen. Tid til å leike, prate, sjå kvarandre, svare på spørsmål, finne ut av ting og få prøve seg sjølv før ein får hjelp av vaksne. For å kunne gje denne tida, er det ikkje meir planer og aktiviteter som trengst.

Vi i Senterpartiet vil styrke barnehagen som ein plass for leik, og der læring kjem som ein naturleg del av leik og samhandling mellom ungane, og mellom ungar og vaksne. Vi vil at ungane skal få god tid og trening i å oppdage nye ting, stille spørsmål og leite etter eigne svar. Dei skal få rom til å finne eigne løysingar, og bli nysgjerrige på å få vita meir. Senterpartiet ønskjer også meir samhandling mellom barn og vaksne om ulike oppgåver i kvardagen. Vi meiner til dømes at det er mykje læring i å få være med å lage mat, ordne til aktivitetar og halde barnehagen i stand. Det er mykje som skal gjerast i ein barnehage, og det ligg mykje læring i å få være med dei vaksne. Å få ansvar og meistre er også viktig og noko alle veks på. Vaksne sitt engasjement og glede smitter over på barna, aktivitetar dei vaksne trives med er viktig.

Godt samarbeid med dei tilsette, der dei får dele sin entusiasme er det beste utgangspunktet for eit godt tilbod. Og sist, men ikkje minst, må vi gje ungane trening i sosialt samspel, å ta initiativ til å leike, sjå dei andre og handtere vanskelege situasjonar. Trygge vaksne, i dialog mellom dei tilsette og foreldre i levering og henting, er viktige førebilete.

Livet er ikkje enkelt, og å ruste ungane våre for å meistre ulike oppgåver, vilje og evne til å prøve nye ting og tryggheit til å møte nye menneskje og situasjonar, er noko av det viktigaste vi kan gje som start-hjelp til dei minste.



Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags