Fakta om kommunale/private vegar i Vågå kommune

Av
DEL

LesarbrevLøyvingar til vedlikehald av kommunale vegar i Vågå har i fleire periodar vore nedprioritert i budsjettsamanheng. Dårleg vedlikehald på kommunale vegar fører til tiltak etter «brannsløkkings – metoden» og gjev høge driftskostnader. Hovedplan veg frå 2016 utarbeidd av Rambøll, konkluderte med at etterslepet på vedlikehald på dei kommunale vegane var på 32 millionar kroner. Konklusjonane frå dette arbeidet var at dersom ein løyver 2,5 millionar eller meir i året, ville ein sakte men sikkert hente inn att vedlikehaldsetterslepet på kommunale vegar. I tillegg må Tessand og Bruvegen bruer rehabiliterast. Den økonomiske situasjonen i Vågå kommune er såpass anstrengt at vi som politikarar må snu alle steinar for å få budsjetta til å gå i balanse. Dette gjeld også dei kommunale vegane.

Vi har i fleire periodar hatt stort fokus på standarden på ei rekkje kommunale vegar, spesielt i grendene. Det er brukt ca 13 millionar kroner på oppgradering av for eksempel Storviksrovegen, Klebervegen, Kveumsvegen og andre dei siste 7 åra. Dei færraste i kommunestyret hadde nok kunnskap om omfanget av dei kommunale vegane. Dette gjeld beliggenheit, lengde på vegar og driftskostnader på desse. Difor vart det den 13. juni 2017 vedteke å sende ei bestilling til administrasjonen for å få ei oversikt over dette (ref kommunestyresak 48/17). Vedtaket var det tverrpolitisk einigheit om, også Arbeiderpartiet. Administrasjonen skulle og vurdere om det var noko å spare på å privatisere enkelte vegstrekningar og heller gje desse tilskot gjennom vegfond. Oversikta frå administrasjonen let vente på seg. I 2018 endra Arbeiderpartiet syn før vi hadde oversikta på bordet. SV, SP og Bygdalista,venta sjølvsagt på resultatet frå den bestilte utgreiinga før vi tok endeleg stilling. Utan å fortelja veljarane kvar dei skulle kutte for å finne midlar, gjekk Arbeiderpartiet høgt ut og lova innbyggjarane at ingen kommunale vegar skulle privatiserast. Representantar for Arbeider partiet kunne i kommunestyremøte love at dei skulle gjera alle private vegar kommunale, utan nok form for korleis dette skulle finansierast. I utval for HTLN den 3. mai 2019, fekk vi endeleg vurderinga frå administrasjonen til behandling. Konklusjonen var at dei ikkje kunne sjå noko stort potensial for innsparing mht privatisering av kommunale vegar. SV, SP og Bygdalista konkluderte da med at dei kommunale vegane skulle bestå som før og budsjetterte innsparingar for 2020 – 2022, blir fjerna ved neste budsjettbehandling

Heilt sidan hausten 2018 har Arbeiderpartiet til stadigheit prøvd å framstille det som om SV, SP og Bygdalista ønskjer å privatisere alle kommunale vegar. I valprogrammet deira påstås det at dei har stoppa privatiseringa av kommunale vegar. Dette meiner vi fører innbyggjarane bak ljoset og er bevisst feilinformasjon.



Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags