Bårstadhallen + Massivtre = Sant

Av
DEL

LesarbrevVågå Arbeiderparti tok initiativ og fekk gjennom etablering av ein industrihall på Lalm (Bårstadhallen). Fleire politiske motstandarar var mot dette og seinast i vinter vart det reist kritikk mot at hallen ikkje var 100 % utleidd. I dag er Brun Bygg leigetakar av hallen og kritikken har stilna. Dei bruker hallen mellom anna til å teste ut produksjon av massivtre. Dette er eit godt døme på kva vi ynskte med ein slik hall. Massivtre er eit spennande produkt tufta på lokal verdiskaping, der trevirke blir henta Ottadalen med Langmorkje almenning som ein av leverandørane. Gjennom lokal produksjon skapar dette nye arbeidsplassar. I ei slik fase som prosjektet med massivtre er inne i no, er det ikkje tid til å byggje sin eigen produksjonshall. Bårstadhallen vart difor løysinga.

Vågå Arbeiderparti vil også framover satse på næringslivet. Vi vil leggje til rette for næringsareal. Både Randsverk, Tessand, Vågåmo og Lalm er aktuelle områder der vi ser for oss satsing om det er behov. Næringshall slik som Bårstadhallen er også eit satsingsområde. Både næringsareal og næringsbygg er avgjerande for at vi også i framtid kan ha bedrifter som skaffar arbeidsplassar og busetnad.

Vi har trua på næringslivet i Vågå!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags