Legg til rette for besøk av pårørande

Vågåheimen følgjer Folkehelseinstituttet sine regler, og vil legge til rette for besøk av pårørande. Fysiske besøk må avklarast med Vågåheimen i forkant, og smittevern-råda må følgjast.

DEL

Besøket skal fortrinnsvis skje ute med ein meters avstand, og følgje vanlige prosedyrar for hygiene. Pårørande som har luftvegssymptom eller er mistenkt for eller er bekrefta med covid-19, skal ikkje kome på besøk.

Pårørande kan ringe Vågåheimen og avtale møte med avdelinga. Det skriv Vågå kommune i ei pressemelding fredag som følgje av at regjeringa ønskjer å gradvis opne opp att samfunnet.

Vågå prioriterer å opne opp att skulen for 5.–10. trinn i løpet av veke 20. Kulturskulen vil også opne delvis opp i veke 20. Foreldre vil få direkte informasjon frå skulane.

– Denne opninga av samfunnet kan bety at vi får oppblomstring av Covid-19 smitte, men da må vi reagere raskt og vurdere tiltak. Det blir presisert at alle MÅ overhalde smittevern-råda.

Kommuneleiinga, NAV og kommunelegen vil gjennomføre eit nytt nettmøte knytt til koronasituasjon for innbyggjarane fyrstkomande tysdag klokka 15.30.

Artikkeltags