Gå til sidens hovedinnhold

Lærlingar i Vågå

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Lærlingar i Vågå

Vågå arbeiderparti deler Vågå SV si bekymring over tilgangen på læreplassar og at ungdommane får opphald i utdanningsløpet dersom dei etter to år i skule ikkje får plass i bedrift eller kommune. Vågå kommune har vedtak om å tilby åtte læreplassar i dag, Våga AP og Bygdalista i Vågå vil vidare og tilby langt fleire! Det vil vi vurdere å gjere i tett samarbeid med næringslivet og verktøyet kan vere ein lærlingegaranti etter mønster frå Trysil. Vågå AP har saman med Bygdalista sett fokus på lærlingegaranti for ungdommane våre og har fatta interesse for eit prosjekt i Trysil som etter få år kan seiast å vere vellykka. Ein medarbeidar har koordineringsansvaret mellom lærlingen og bedriftene og kjem i tillegg til ansvaret fylkeskommunen har. Ungdommane blir sett i kontakt med aktuelle bedrifter av medarbeidaren og denne tek seg også av litt administrasjonsarbeid. Det faglege innhaldet i opplæringa ligg i bedrifta som normalt er. Onsdag 10. februar var ordførar og varaordførar i møte med Lærlingekontoret Gudbrandsdal for å bli informert om ein mogeleg lærlingegaranti, og 19. februar fekk regionrådet ei orientering frå prosjektleiaren i Trysil. Dei har drive prosjekt sidan 2016 og har hausta erfaringar vi ser som interessante og har bestilt ei utgreidd sak av kommunedirektøren på korleis vi kan starte med noko liknande her.

I kommunestyremøte 18. februar fremma Vågå SV ein interpellasjon med vedtak om 50 lærlingeplassar i regionen som punkt til den kommunale handlingsplanen for næring og reiseliv. Vågå AP stemde ikkje for og grunnen er fleirdelt. Ein handlingsplan skal innehalde konkrete og målbare tiltak, noko næringskoordinatoren også peikte på i innleiinga til saka. Forslaget var å ha ei målsetting om eit antal læreplassar og vi meiner at vedtak om målsetting ikkje er konkret og målbart. Vidare kan ikkje Vågå AP vere med og fatte vedtak som grip inn i og forpliktar andre kommunar utan forarbeid, da forslaget til vedtak omfattar heile regionen.

Vågå er som einaste kommune i Norddalen medlem av lærlingekontoret og vi meiner det er viktig å fortsette med det. At kommunen forpliktar seg utover dagens ordning meiner vi kan ende med konkret vedtak om langt fleire læreplassar enn tilfellet er i dag, innanfor det geografiske området Vågå og ikkje avgrensa til kommunal drift.

Live Langøygard

Varaordførar, Vågå AP