FolkemusikkUNG fekk Gnist-prisen

Vinnaren av årets Gnist-pris er FolkemusikkUNG i Valdres.

DEL

Gnist-prisen vart delt ut for fyrste gong i 2017. Då var det Hugnad Ungdomslag frå Torpo i Hallingdal som tok med seg prisen. I 2018 var det Gransherad Spel og dansarlag. Prisen er på 15 000 kr. og går til lag som jobbar medvite med å skape eit godt læringsmiljø blant born og unge som dansar folkedans.

Juryen for Gnist-prisen 2019 har vore Anbjørg Myhra Bergwitz, Vegar Vårdal og Torkjell Lunde Børsheim. Dette seier juryen om vinnaren:

- Årets vinnar av Gnist-prisen er eit lag, eller kanskje meir ei gruppering, som dei siste åra har arbeidd godt med å skapa eit heilskapleg miljø for dei som driv med folkemusikk og folkedans i sitt distrikt. Dei har greidd å få til gode samarbeidsavtalar med kommunane slik at både miljøet og kulturskulane er meir bevisst på korleis økosystemet rundt folkemusikken og folkedansen fungerar. Danseøving for alle, sosial dans og stor deltaking på kappleik, både hallingdansarar, pardansarar og lagdansarar, er stikkord for denne flotte gjengen. Å sjå samhaldet i ei slik ung gruppe er noko som gjer at vi kan sjå ljost på framtida for eit folkemusikk- og folkedansmiljø, og det er ikkje tvil om at dansen er det som samlar dei alle til eit godt sosialt miljø, heiter det i en pressemelding.

Prisgjevar med hjarte for folkedansmiljøet

Det er firmaet Efh Holding v/ Eva Fischer som gjev prisen. Ho fortel om bakgrunnen for opprettinga av prisen:

”Mi erfaring er at folkedansmiljøet er eit godt miljø for barn og unge, og eg har derfor lyst å støtte opp om det. Dette ved å gje pengar til lag som jobbar med både nivå og læringsmiljø i laget sitt. Laga er ein arena der ein får opplæring, utviklar seg saman, og der ein kan kjenne seg heime. Det er viktig at barn og unge som driv med folkedans har eit lag der alle har ein plass, uansett ferdigheiter og ambisjonsnivå.

Laga har mange viktige funksjonar, og har blant anna ei viktig rolle i samband med kappleikar, og i å støtte opp om dei som konkurrerer, uansett kva resultat dei får. Ungdommar er ei sårbar aldersgruppe, og det er viktig at laga jobbar slik at ein tek vare på dei. Ungdommane er også førebilde for nye som byrjar, og såleis viktige i rekrutteringsarbeidet. Det er motiverande at fleire driv med same hobbyen på ein plass, og at ein har eit lag som det er kjekt å vere med i.”

Artikkeltags