Landsfestivalen og Landskappleiken er avlyst, men festivalen kjem til Vågå i 2021 som planlagt

Styreleiar i FolkOrg, Hilde Reitan

Styreleiar i FolkOrg, Hilde Reitan Foto:

Styret i FolkOrg har, i samråd med lokale arrangørar av Landskappleiken 2020 i Tinn og Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2020 i Fron, vorte samde om å avlyse båe arrangementa i 2020. Det betyr at Landskappleiken vert avlyst for første gong sidan 2.verdskrigen

DEL

"Det er ei krevjande og tung avgjerd å ta, men vi meiner det er heilt naudsynt når landet er i einkrisesituasjon vi ikkje har opplevd maken til i nyare tid. Det er første gong Landskappleiken vertavlyst sidan 2. verdskrigen, så dette er ein dramatisk situasjon også for organisasjonen vår.Situasjonen er for tida svært uavklåra, og sjølv om dei strenge og inngripande tiltaka som no er sett iverk kan bidra til å redusere smitteomfanget, har vi ingen garanti for at dette ikkje kan ta seg opp attn år dei strenge restriksjonane blir lempa på. Vi kan ikkje risikere å utsette folk for smitteeksponering ved å gjennomføre to store arrangementmed tett kontakt mellom folk, mot alle råd og restriksjonar frå helsemynde og regjering. Vi kan hellerikkje risikere at våre lokallag knekker ryggen økonomisk dersom dei skulle halde fram medplanlegging og inngåing av avtalar med leverandørar og kommersielle samarbeidspartar, no når deter så stor usikkerheit knytt til gjennomføring. Da er det betre å avlyse sommarens arrangement førstsom sist, og kome sterkare attende i 2021" seier styreleiar i FolkOrg, Hilde Reitan i ei pressemelding.

Landskappleiken 2020 skulle ha vore arrangert på Rjukan i Tinn kommune. I samråd med FolkOrg har dei bestemt at Landskappleiken 2021 skal vera i Tinn. Det betyr at Landskappleiken som skulle ha vore i Lom i 2021 vert flytta til 2022 og at Landskappleiken som skulle vore arrangert på Gol i 2022 vert flytta til 2023. Dette er i samråd meddei lokale arrangørane.

Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2020 skulle ha vore arrangert på Harpefoss i Fron kommuneLeiar for hovudnmenda i Fron, Øystein Rudi, har følgjande kommentar til at Landsfestivalen i 2020 no vert avlyst: "Hovudnemnda for Landsfestivalen i Fron 2020 har sidan utbrotet av Covid 19 vore i tettkontakt med Folkorg. Vi beklagar sterkt at pandemien gjer det nødvendig å avlyse festivalen. Dette er leitt for publikum og deltakarar, for lokalsamfunnet og for eit stort vertskap har gledd seg til å bidra til gode festivalopplevingar i Fron, men den uavklara situasjonen medfører for stor risiko for dei lokale arrangørlaga. Vi ønskjer deltakarar, publikum og gode medhjelparar det aller beste framover og ønskjer velkome til Landsfestivalen i Fron ved neste høve."

FolkOrg, Landsfestivalen i Fron 2020 og Landsfestivalen i Vågå 2021 er samde om at festivalen i 2021 skal gjennomførast i Vågå som opphaveleg planlagt.

Artikkeltags