–Rulleskiløypa til for å brukast

Rulleski: Elevar frå Vågå ungdomsskule har allereie vore her i kroppsøvingstime. For slike fellestreningar har dei også ski til utlån.

Rulleski: Elevar frå Vågå ungdomsskule har allereie vore her i kroppsøvingstime. For slike fellestreningar har dei også ski til utlån.

Rulleskiløypa på Lalm er ferdig. Nå ønskjer idrettslaget at løypa skal brukast så mykje som mogleg.

DEL

– Vi har også fått montert mesteparten av ljosarmaturen så i løpet av stutt tid vil det også bli ljos slik at ho kan brukast utover kveldane, det fortel Terje Kleiven. Han kan melde om svært gode tilbakemeldingar på den 1,9 kilometer lange løypa.

– Mellom anna har Pål Gunnar Mikkelsplass vore og sett på løypa, og hadde berre lovord å koma med.

Løypa kan brukast på forskjellig vis alt ettersom ferdigheit og ønskje. Traseen er passe hard med eit par bratte kneikar, eit par utforkøyringar og elles variert terreng der ein får brukt alle stilarter og vekslande teknikk.

– Rulleskiløypa er til for å brukast. Derfor ønskje vi velkomne alle, som vil koma seg vekk frå trafikkerte vegar eller flate gangfelt, å bruke løypa vår. Den kan også brukast med andre framkomstmiddel enn rulleski. Det er ingen løypeavgift så tilbodet er heilt gratis, seier Kleiven.

Artikkeltags