12.mars 2020 stengte Norge ned. Da opplevde vi noko vi ikkje var forberedt på. Fram til dette tidspunktet forelå det ingen prognoser frå WHO om at Europa ville bli så hardt ramma av viruset med namnet covid-19, som spreia seg frå Kina. Men plutseleg var utbrotet erklært som ein pandemi og kraftfulle tiltak vart sett i kraft. Alt vart snudd på hovudet for oss ungdommane, ja faktisk for alle. Frå å bli oppfordra til å vere sosiale og saman med vener, fekk vi plutseleg ikkje lov til det lengre. I alle fall ikkje på same måte som før.

Personleg har eg alltid vore oppmuntra til å kome meg ut og vere i aktivitet, gjerne saman med vener. Da koronaen kom, vart alt dette endra. Nå fekk vi plutseleg ikkje lov til å gå ut saman med vener. Vi måtte vere heime, og ikkje fekk vi ha besøk. Viss vi fekk ha besøk i periodar var det berre eit fåtal vi kunne forhalda oss til. På skulen vart vi delt inn i kohortar og ikkje fekk vi vere saman på tvers av trinn. Vi fekk heller ikkje klemme kvarandre. Besteforeldre, kanskje da spesielt i risikosona kunne vi knapt nok få sjå. Det har vore utfordrande for mange, sidan det har ført til ein del isolasjon. Frå å ikkje få lov til å sitje på rommet å spele spel på PlayStation, vart det plutseleg det vi måtte gjere. Det vart nesten den einaste måten å vere sosial på. Å prate med vener «online». I periodar såg vi klassekameratar berre gjennom Teams, da undervisninga var digital. Det var rart. For dei som hadde det vanskeleg på skulen, var det kanskje godt å sleppe dei daglege utfordringane skuletida har. På ei anna side har det ført til enda meir mobbing gjennom sosiale media og kanskje enda meir isolasjon for dei som før har hatt det vanskeleg.

Ei positiv side ved auka nettbruk var at Snapchat eller videosamtaler bidrog til å halde kontakt med vener og det skapa betre samhald. Samstundes er det mange som sakna fysiske møter og nokon fortalde at dei mista konsentrasjonen, kom ut av døgnrytmen og fekk fysiske plager. Mange av tiltaka vi hadde for å avgrense smitta, avgrensa liva våre og hadde påverknad på vår psykiske helse. I juni 2021 viste ein rapport at ungdom sakna fysiske møter (Artikkel juni 2021 Publisert: 25.11.2020 «Hvordan påvirker korona ungdoms psykiske helse» Url: Hvordan påvirker korona ungdoms psykiske helse? | Frivillighet Norge. Lest: 18.02.2021) For vi har faktisk eit grunnleggande behov som handlar om å møte andre menneske. Å vere einsam over tid er like helseskadeleg som å røykje 15 sigarettar om dagen.

Men samstundes kan vi sjå at vi har hatt noko felles i denne tida. Alle har vore i same båt, alle har vore like frustrerte over at vi ikkje har fått vere saman. Vi har på den måten fått eit anna samhald, sidan vi alle har vore i same krisesituasjon. Vi måtte alle forhalda oss til same regler og kvardagen har fått ei ny form. Etter kvart såg vi viktigheita i å fortsetje med struktur og rutinar, sjølv om vi måtte halde oss heime. Det å stå opp til same tid, ete regelmessige måltid, gode søvnrutinar og halde oss aktive vart viktig å oppretthalde. Vi prøvde å ha ei dagleg dose med kontakt med andre, gjennom telefon, gaming eller sosiale media.

Bekymringar vart meir ekte. Vi såg at dei kring oss vart bekymra og redde fordi situasjonen vart så alvorleg og det gjorde noko med oss. Tankane tok til å spinne og vi vart redde for kva framtida ville bringe. Vi vart da oppfordra til å sjå dei positive tinga i kvardagen, uansett kor usikkert og vanskeleg alt verka.

Koronasituasjonen har vore utfordrande for oss ungdom i dag, i tillegg til alle andre sjølvsagt. Men vi ungdommar har mista noko vi aldri får attende. Det har vore mykje avlysingar når det gjeld både tid med vener, fritidsaktivitetar, skuleavslutningar, juleball, skuleturar og liknande som har vore sårt for oss. Og dette er tross alt ein viktig del av ungdomstida. Men på ei anna side så har vi lært oss å tilpasse oss på ein anna måte enn før. Å legge merke til dei små tinga i kvardagen har vi lært oss. Vi har kanskje vorte meir takknemlege, sidan vi har kjent på saknet av ein normal kvardag, som vi før har teke for gitt. Det å vere i augeblikket og å leve her og nå, er i alle fall noko eg har teke med meg som viktig, samt det at vi bør setje meir pris på kvarandre.