Denne dagen er dei samla heime på Skjellum hjå den yngste i trioen for å mimre og utveksle kunnskap om gamle stigar og ferdselsvegar i nærområdet. Det er her både Magnhild og Per J. har vakse opp. Per H., eller «sjåfør-Per» som han også blir kalla lokalt etter mange år med køyreskule, voks opp i Moom, men var ofte på Skjellum i oppveksten.

Stigfinnarar

For fem-seks år sidan var det ein som tok kontakt med Per J. Skjellum for å få hjelp med lokalkunnskapen hans for å gå opp att nokre gamle stigar. Det gav som resultat at stigen frå Skjellhaugen (vest for Steinset som er heimstaden til Per og Magnhild) og ned til Sandbu Uppigard nord vart gått opp att. Denne stigen vart også kalla husmannsstigen, og siste husmannen på Skjellhaugen var i 1919.

– Eg hugsar at vi fekk bilveg fram til oss på Steinset i 1955, fortel Per J.

– Før den tid gjekk vi beinveges når vi skulle til Vågåmo på skulen eller på butikken. Søstera og søskenbarnet nikkar og mimrar om kor dei gjekk da dei var ungar. Denne stigen gjekk frå Skjellhaugen og vestover i lia ovanfor Sveaholen, forbi nedre Berget der Ola Ulvolden har bygt, gjennom gardstunet på Øy, over Gardsøyjordet og over Nuggebrua ved ysteriet. Stigen vart kalla Klovone og gjekk like ovanfor Merraberget mellom Sveaholen og Skjellum. Det gjekk også ein beinveg lenger vest frå Skjellum og ned til Sve. Denne vart flittig brukt av Ola Skjellum som var gardskar på Sve.

Veslsæterstigen

Interessa for dei gamle stigane voks, og for eit par år sidan tok dei to Per’ane fatt på arbeidet med å gå opp att og rydde Veslsæterstigen frå Skjellum og opp til Veslsætrin som ligg nedanfor Køyringen.

I seinare tid er Lundavegen opparbeidd som skogsbilveg med stikkvegar. Dette gjorde at det var vanskeleg for dei to å finne att stigen nokre plassar.

Veslsæterstigen tek til på same plassen på Skjellum som Måsåvegen eller Grevskaftbana som den og blir kalla. Eit lite stykke opp i lia, ved Heggerustberget deler stigen seg slik at ein må gå til venstre for å koma opp til Veslsætrin.

Denne stigen vart brukt til mellom anna å frakte mjølk ned frå Sveasætra og ned til Ulsletten/Tøndevoldshagen som hadde teke over setra til garden Sve. Pauline Hestløkken, gift Voldheim var den siste som bar mjølk ned denne stigen.

Ivasætre var heimkusæter til Uppigard- Nord. Nordigard hadde berre fjos og stugu, og desse stod på Svea-kvea på Veslsætrom. Sve selde setra til O. Tøndevoldshagen. Seterstugu vart fløtt til søre Vassdokken, og fjøset vart fløtt til Køyringen.

Øi hadde heimkusæter på Køyringen, Haugøy på Veslsætrom og Ragnvald Berget hadde den tredje setra på Veslsætrom, med to kveer. Den eine kvea har høyrt til Berget, den andre til Sandbakken.

Like etter krigen vart det bygt bilveg oppover til Køyringen slik at mjølka kunne bli levert med mjølkebilen.

Skilting av stigane

Etter at fleire av dei gamle stigane var gått opp att og rydda såg dei to Per’ane at det burde vore skilta og sett opp informasjon om stigane. Så fort spørsmålet om økonomi og tilskot vart aktuelt erfarte dei at det vart stilt krav om at arbeidet vart organisert gjennom eit lag eller foreining som var registrert i Brønnøysundregistra med eige organisasjonsnummer.

Dei tok derfor kontakt med Odd Jan Hølmo som er styreleiar i Sveaholen Vel som oppfylte dei krava. Velforeininga såg at skiltinga var ei aktuell oppgåve for dei da det er mange i bustadfeltet som nyttar stignettet oppover Jettlia. Sveaholen Vel er dermed godt i gang med å skilte dei mange stigane mellom elvene Nugga og Grøna.

Fleire gamle råk og stigar

Per J. kan fortelja om fleire stigar i Jettlia som kunne vore gått opp att. Den eine går frå Sandbakken og austover lia nedanfor Lundavegen og vart kalla Kolbottvegen. Den aller brattaste er kanskje stigen langs elva Huskono som renn ned aust for Vole. Stigen går opp ovanfor Rudi og oppover på vestsida av Huskono til Hyttlia. Hyttlia er området aust og opp for Huskonosletta.

Her låg det i si tid ei hytte bygd av murstein som måsåtakarane nytta. Aust for Huskonosletta ligg Hyttberget med inngrave bokstavar og årstal.

Sørem hadde heimkusæter mellom Vole og Huskono som vart kalla Gammelsætra. Budeiene bar mjølka ned til gardane. Den siste tida med heimkusæter hadde dei kyrne i «hyttom» som vart sett opp til måsåfjellfolk. Nigard og Oppigard hadde hytte i lag, og Sørem ei som låg litt lenger aust.

Sandbushytta stod taklaus i 1894, og Søremshytta gjekk klar tidlegare. Siste lasset med måså som var køyrt ned Måsåvegen var rundt 1947

Ras tok liv

Jan Vidar Lie Pedersen fortel i boka Drama i dalen bind 1 kor bratt og farleg det kan vera i denne lia.

Den 8. februar 1868 rasa det eit snøskred med store steinar frå fjellet opp for Sandbu i Vågå og knuste ei stugu i Rudi. To menneske som var i stugu mista livet. Det var Dorte Andersdotter Rudistugun som var 59 år gammal og Ole Jakobsen som var fem år gammal. Dei som går stigen ovanfor Rudi kan framleis sjå den store steinhella som låg framfor inngangsdøra til stugu som vart teke av raset for 152 år sidan.

Det er prisverdig at søskena Magnhild og Per og søskenbarnet Per Skjellum gjer sitt for at dei gamle stigane ikkje blir gløymde med all si historie som ligg bak.