Arrangørane gler seg til å fylle Skjåk med gammaldans fem dagar til ende. Då påmeldingsfristen for Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2018 gjekk ut i juli, hadde nesten 700 av Noregs fremste tradisjonsmusikarar og -dansarar meldt seg på til tevling i Skjåk. Dette er i alt over 180 startnummer.
Den gjevaste klassa, gruppespel, har i år heile 35 grupper frå ulike kantar av landet.

Tek føtene fatt for å kome på festival
-Det spesielt gledeleg å sjå at tal påmeldte dansarar held seg på eit stabilt høgt nivå og at deltakinga blant juniorane aukar frå fjoråret, seier Ingrid Schei Stuhaug, kappleiksrådgjevar i FolkOrg.
Ein festival for dei danseglade
Frå Landsfestivalen i gammaldansmusikk starta i Førde i 1986 har interessa for festivalen vore stor, spesielt i Øst-, Vest- og Midt-Norge. Det er andre gongen festivalen vert arrangert i Skjåk. Sist gong Skjåk Spel og Dansarlag arrangerte festivalen var i 2008. Dei siste åra har ein endra litt på korleis ein legg opp konkurransane på dagtid, så nå er det mogleg å danse både til kvalifiseringane på dagtid, finalane på kveldstid, og til dansemusikk rundt om på festivalområdet når det ikkje skjer noko på konkurransescena. Ein kan altså svinge seg frå tidleg morgon og heilt ut i dei små nattetimar.
Desse skal delta på Landsfestivalen
Skjåk-vorspiel med mat og musikk
Startskotet for Landsfestivalen Skjåk-kvelden onsdag 1. august kl. 19.00. Det heile startar med opningskonsert der Marianne Stensgård og Finn Sandum vil lose oss gjennom ein variert konsert med lokale utøvarar. Stortingsrepresentant Ivar Odnes vil opne festivalen. Etter konserten vert det servert tradisjonsmat frå Skjåk i matteltet, og utover kvelden vert det mykje god dansemusikk.
Årets festivalonsdag blir eit skikkeleg Skjåk-vorspiel før tevlingane byrjar torsdag morgon.
-Når god musikk og triveleg folk møtest, vert det festival, seier Randi Rust, leiar for hovudkomiteen under Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Skjåk.
Rikhaldig program
I tillegg til tevlingane blir det Folkemusikkmessse i Skjåk kyrkje fredag kveld med
sokneprest Einar Gelius og musikk med fleire forskjellige lag og grupper.
Det vert og familiekonsert med Camilla Granlien og Mari Skeie Ljones og tre ulike
platesleppkonsertar. For ungane vert det i år eit eige borneprogram som omfattar både juniorbuskspel, leik og morro og ikkje minst sjokoladefestival der dei aller yngste frå prøvd seg på scena.