- Kulturskulen må ta sin del av kutta

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MeningerVågå kommunes økonomiske føresetnader for dei komande åra er fulle av utfordringar. Store kutt innan alle sektorar. Eg har i alle år vore svært engasjert i arbeidet for kulturskulen vår, og er glad for stort engasjement for akkurat denne i budsjettarbeidet. Skjønt, det er litt spesielt at debatten nesten utelukkande har dreia seg om kutt i kulturskulen, når vi veit at det må takast alvorlege grep både innan barnehage, skule, pleie og omsorg. I dette bildet seier det seg sjølv at kulturskulen også må ta sin del av kutta!

Erik Lillebråten

Erik Lillebråten Foto:

Det som provoserer, er når enkelte beskriv situasjonen som ei nedlegging av kulturskulen. Det er ikkje det dette dreiar seg om! I fyrste rekkje er det snakk om kutt i den økonomiske ramma. Så vil rulleringa av kulturskuleplanen avgjera kva kulturskule vi skal ha – Kva som skal vera tilbodet til ungane, og korleis det skal organiserast.

Gjeldande kulturskuleplan seier at det skal utnemnast eit samarbeidsutval for kulturskulen. Det kommunale samarbeidsutvalet for Kulturskulen skal bestå av representantar frå frivillige organisasjonar, frå HOKO, frå foreldre, lærarane og rektor i Vågå kulturskule. Eg er valt av musikkrådet som representant for organisasjonane.

Gjeldande kulturskuleplan i Vågå seier blant anna:

– Vågå kulturskule skal vere eit kompetansesenter for opplæring og formidling i kunst og kultur

– Kulturskulen skal gje barn og ungdom eit rom for kulturell identitet, livsglede og innlevingsevne, gje estetisk oppleving og utvikle utøvande kompetanse


– Kulturskulen skal vera ei drivkraft og ei inspirasjonskjelde for samarbeid med barnehage, grunnskule og kulturlivet i bygda


– Kulturskulen skal ha tidsmessige lokale for kulturundervisning som felles base for eit breitt tilbod” Samtidig seier planen:

“Kulturskulen har eit særleg ansvar for undervisning i lokale kulturtradisjonar, støtte opp om korpstradisjonen i kommunen og nytte dei særlege fagressursane ein har lokalt, som til dømes innanfor matkultur, foto og ulike handverkstradisjonar.”

Når det gjeld samarbeid, slår planen fast følgjande:

– Kulturskulen skal ha ein open dialog med lag og organisasjonar og utvikle gjensidige

samarbeidsformer.


– Kulturskulen skal samarbeide med lag og organisasjonar om opplæring, utstyr og

fagleg dyktige instruktørar.


– Kulturskulen skal ha ei aktiv rolle i det regionale samarbeidet innanfor

kulturopplæring.


– Samarbeide med kulturskular i andre kommunar når dette er relevant og tenleg.


– Vurdere å ta initiativ til å få utarbeidd ein felles, regional kulturskuleplan.


Eit samspel med frivilligheita og det å tufte kulturskulen på kulturarven og det nåverande kulturlivet i Vågå er med andre ord sterkt framståande i planar og intensjonar.

Samarbeidsutvalet for kulturskulen i Vågå har stadig vore innom spørsmålet om samarbeid, og for å kartlegge kor kulturskulen «står» vart det i 2013 utført ein spørreundersøkelse/ brukarundersøking. Denne viser at elevar og foreldre er godt nøgde med kvaliteten på undervisninga, samspelet med lærarane og organiseringa av tilbod. Den same brukarundersøkinga vart også sendt ut i ei rekkje andre kommunar i landet, og Vågå kulturskule kom veldig godt ut, med gjennomgåande høgare vurdering enn landssnittet. I fleire av spørsmålskategoriane fekk Vågå kulturskule ei vurdering som er den høgste oppnådde av kulturskulane som brukte undersøkinga.

Svakheita med undersøkinga var at den berre gjekk til dei heimane som hadde ungar i kulturskulen. Den fanga ikkje opp alle andre. Dei som ikkje er i kulturskulen. Kva er grunnen til at tilbodet ikkje passar for dei? Er det for dyrt? Passar ikkje timeplanen? Er det feil sjanger? Manglar vi tilbod?

Som ei oppfølging gjekk vi i dialog med dei fleste lag og foreiningar i Vågå for å drøfte moglege samarbeid. Følgjande fekk førespurnad frå oss:

Nord-Gudbrandsdal ride- og køyreklubb v/Beate Bergheim, Vågå Historielag v/Knut Raastad, Vågå Husflidslag v/Bjørg Schjultz, Vågå Jeger og Fiskeforening v/Svein Erik Benrud, Vågå Kameraklubb v/Øyvind Pedersen, Vågå Ungdomslag v/Mette Vårdal, Lalm Musikkforening v/Anne Grethe Furuheim, Lalm Ungdomsbrass v/Anne Grethe Furuheim, Vågå Musikkforening v/Erik Lillebråten

Vågå Musikkråd v/Erik Lillebråten, Vågå Sangkor v/Siv Terese Ulsand, Vågå spel- og dansarlag v/Tor Stallvik, Vågå Trekkspillklubb v/Torleif Kvehaugen

Dei fekk følgjande spørsmål:

• Har laget ditt samarbeid med kulturskulen pr. dags dato? Viss ikkje – Ønskjer døkk det? Kan/ bør kulturskulen bidra med noko i ditt lag? Kva ønskje/ forventningar har ditt lag til kulturskulen? Kan kulturskulen for eksempel bidra med tanke på rekrutteringa? Kva kan laget ditt bidra med inn i kulturskulen? Korleis kan eit eventuelt slik samarbeid organiserast? Vi fekk mange gode og positive svar.

Vågå songkor melde at dei ikkje hadde hatt samarbeid med kulturskulen, men at det varst høgst aktuelt for dei fordi Kulturskulen er viktig for rekruttering av nye korsongarar i framtida.

Songkoret har ønskje om å ha med lokale aktørar på bl.a. julekonserten sin. Her er det viktig å merke seg at kantoren/ organisten i Vågåkyrkja har kor/ song som ein heilt vesentleg del av si stilling, anten i form av eige barnekor eller som musikalsk leiar for Vågå songkor.

Vågå husflidslag ynskte den gongen eit godt forhold til kulturskulen, og ynskte å samarbeide der det kunne vera naturleg. Ikkje eit formalisert, permanent samarbeid, men samarbeid gjerne i prosjekt og spesielle aktivitetar.

Vågå Spel- og Dansarlag var heilt klare på at dei ynskte eit samarbeid! Dei hevda at kulturskulen burde kunna tilby opplæring i lokal musikk – Opplæring innanfor både spel og dans. Dei uttrykte ei klar forventning om at kulturskulen blant anna er med å sikrar og byggjer oppunder det lokale kulturlivet. At dei kan tilby opplæring til barn og ungdom av god kvalitet.

Vågå spel- og dansarlag tilbaud seg å samarbeide med kulturskulen med samspelundervisning til dei som spelar fele. Dei hevda at det var ei stor utfordring å lære opp ungar med 30 minutt undervisning pr. veke for dei som skal lære å spela instrument. For dei fleste er motivasjonen borte før ungane har hatt såpass framgang at dei føler at dei kan noko. Laget tilbaud seg å samarbeide med den som har individuell undervisning i kulturskulen om melodiar som ein også brukar i samspelet.

Viss kulturskulen var villig til å tilby danseundervisning i folkeleg dans, stilte spel- og dansarlaget seg villige til å stille med instruktørar innan ulike dansetypar, frå songdansar, gamaldans, springleik og halling og generell rørsle etter musikk og regisserte danseoppsett. Spel- og dansarlaget ynskte seg også ein årleg møteplass mellom kulturskulen og organisasjonane der utfordringar og samarbeid kunne diskuterast. Dette kunne bidra til meir langsiktig planlegging av aktivitet for båe partar.

Korpsmusikken er godt tilfreds med å ha kome i gang med opplæring via den kommunale korpssatsinga «Korps i skulen» med pocket-trompetar til 4.-klassingane. Dette er nå modell for andre kommunar!

Vågå kulturskule og kulturaktørar i Vågå inngjekk deretter frå hausten 2013 eit samarbeid for å kunne utvide kulturskuletilbodet til barn og ungdom, nå fleire elvar, få med fleire gutar og å betre forankringa mot det frivillige kulturlivet i kommunen.

Vågå spel- og dansarlag, Vågå kameraklubb, Vågå musikkforeining og Lalm musikkforeining var sentrale i den nye satsinga. Spel og dansarlaget og Vågå kameraklubb var villige til å bidra med lærarkrefter og pedagogisk opplegg slik at Vågå kulturskule nå kunne tilby nye aktivitetar:

– Eige tilbod i hallingdans.

– Eit stort danseprosjekt som skulle munne ut i ei framsyning våren 2014

– Vågå spel og dansarlag ville og vera med på eit samarbeid om fele/fiolinundervisninga i kulturskulen der ein og inkluderte folkemusikksjangeren.

– Vågå kameraklubb tilbaud foto som eige fag i kulturskulen.

– Ein sette i gang «restarten» av Vågå skulekorps.


Som sagt innleiingsvis;

Budsjettet for neste periode er ein ting. Rulleringa av kulturskuleplanen noko anna. Kva kulturskule vil vi ha, og kven skal den vera for? Korleis skal den finansierast og organiserast?

Kan ein tenkje seg samarbeid på tvers av kommunegrenser?

Bør den vera regional?

Det er dette som er spørsmåla vi må stille oss så snart som råd over nyttår.

Eg trur at frivilligheita i mykje større grad er ein del av svaret her. At vesentlege ressursar blir kanalisert ut til lag og foreiningar for å drive opplæring og rekruttering. Så blir det opp til dei å engasjere gode dirigent- og instruktørkrefter.

I siste instans er det våre folkevalde som skal avgjere kva kulturskule vi skal ha i Vågå. Slik må det berre vera


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags