Krisepakken til idrett, kultur og friviljuge er nå klar

Av

14. april kan friviljuge lag og organisasjonar søkje om kompensasjon for korona-avlyste, utsette eller stengde arrangement.

DEL

Over heile Norge har mange arrangement innan idrett, kultur og friviljuge vorte utsett, stengt eller avlyst. Krisepakka, ei stor kompensasjonsordning på ein milliard kroner, er meint for å hjelpe til i denne vanskelege situasjonen.

Nå er mykje klart for at aktørar som kjem inn under ordninga kan søkje om kompensasjon for bortfall av inntekter frå billettsal og deltakaravgift, samt meirutgifter som følgje av at arrangement må avlysast eller utsetjast på grunn av koronaviruset.

– Det blir opna for søknadar 14. april, og det ligg mykje god informasjon, rettleiing og spørsmål og svar på nettsidene til Lotteri- og stiftelsestilsynet og Kulturrådet, som forvaltar dei to ordningane. Lotteri- og stiftelsestilsynet har den delen som retter seg mot idrett og friviljuge (inkludert kulturfriviljuge). Kulturrådet har den delen som rettar seg mot kulturlivet, informerer Vågå kommune på sine heimesider.

Artikkeltags