For Torbjørg som heile sitt liv har levd i samvær med mykje folk har denne tida vore spesiell.

På garden Sørem opplevde ho som ungjente dei mange turistane som kom innom og at onkelen hennar, Olav Lunde, fekk bygt om dei store salane i andre høgda til mange overnattingsrom.

Etter å ha farta rundt på verdshava som telegrafist vil mange hugse Torbjørg som den kvikke og humørfylte turistvertinna på Skarå camping ved Lemonsjøen. Både på Sørem, ved innkøyringa til Skarå camping og på mjølkerampa ved garden Aasgaard ved fjellvegen opp frå Randen har Torbjørg brukt sine kreative evner med å pynte opp og setja farge på kvardagen.

Mars med opp- og nedtur

Torbjørg fortel at ho var innkalla til kontroll på sjukehuset Innlandet på Lillehammer den 5. mars i år, og at ho var både letta og glad for å høyre av eksperten at alt var bra. Ho kunne kome att om eitt år til ny kontroll.

Barnebarnet Marit som var med på turen takka for seg og reiste heim att til Vågå, og Torbjørg reiste vidare til sonen sin på Hamar der ho slappa godt av eit par dagar.

– Da begynte media å prate om ein sjukdom på tur, så da bestemte eg meg til å reise heim att til Vågå. Best å vera der ein har sine ting.

Barnebarnet Bjørk på 21 år ville gjerne vera med oppover. Ho er for tida i det militære i Bergen og hadde ei veke perm. Da tok dei til å prate i fjernsynet om isolasjon, smittefare, to meters avstand med meir.

Barnebarnet var ein tur på hytta i Sjodalen for det var ikkje noko restriksjonar på hytteopphald enda. Torbjørg køyrde barnebarnet Bjørk til Otta og toget den 9. mars, men ho var ikkje innom noko eller nokon på Otta den dagen.

– Eg hadde fått med meg at det var mange som var smitta på Otta, og da begynte eg å skjønne alvoret. Eg er så gammal at eg hugsar da krigen tok til, og det likna mykje på den tida, men heldigvis ingen bombefly. Eg var tre år da krigen starta, men likevel hugsar eg bombeflya i lufta sør for huset vårt på Aasgaard. Dei skulle bombe vegen og brua både ved Sunde og på Tessanden, men trefte heldigvis ikkje. Så koronaen er ikkje berre uhyggeleg, den vekkjer opp att minner frå fortida.

Torbjørg sin 83-årsdag vart feira med berre fire personar rundt langbordet. Men med god kake vil dagen likevel bli hugsa, trur ho.

Støtte til lege Brabrand

Torbjørg har notert at etter kvart kom regelen om ein meters avstand, og den 16. mars starta restriksjonane for alvor. I media kunne ein høyre og lesa om gangen i sjukdomen, talet på døde og smitta, og at det ikkje vart noko særleg påskehyttekos i år. Mange vart forbanna, og det gjekk heller ikkje an å leige seg inn på hotell om natta og vera på hytta om dagen.

– Den flinke legen Brabrand fekk jaga Hafjellfolket frå hotellet, og sjølv om han fekk mykje kjeft så stod han i stormen og gjorde ein bra innsats. Dei siste dagane av mars var stort sett fredelege med små turar på butikk og TV-titting. Det kom heller ikkje nokon 1. aprilspøk som eg fekk med meg. Folk hadde nok andre meir alvorlege ting å tenkje på, sukkar Torbjørg.

Torbjørg Høijord følgjer godt med i media og har notert seg at den 3. april vart det opplyst på TV at 932 personar var døde i Spania siste døgnet. At pave Frans la seg ned på golvet i bøn for verda i desse underlege dagane, og at det var lange køar i USA for å få gratis mat har gjort inntrykk og fått plass i minnenotata til Torbjørg.

Fyrste påskedag ber politiet om at planlagde festar burde avlysast. At bensinprisen påskekvelden var 13,44 kroner literen tykte Torbjørg var lenge sidan den var så billig.

1. mai-tog på Lalm

Maidagane starta med at 1. mai-feiringa på Lalm vart markert med biltog gjennom Sjårdalen og

tilbake att forbi Sørem til Lalm.

– Og så fekk eg overraskande besøk frå Alta, av femåringen som står i matrosdress ved flaggstonga her på Sørem da vi markerte freden ei veke for tidleg i 1945.

Torbjørg hugsar at same dagen gjekk to av gjestane her på Søren til lensmannen i Moom og forlangte å få att radioen som høyrde til på Sørem. Generalkonsul Foss fekk utlevert radioen av lensmann Valde.

Bubilauke og norgesferie

Torbjørg har i notata sine skrive ned at det lite smitte å høyre om i starten av juni, og at ho tykkjer dei norske politikarane og byråkratane gjer eit godt arbeid. Så langt er 250 personar døde i Norge. Langt verre i Sverige. Dei trudde dei skulle vera så disiplinerte at dette koronastyret skulle dei styre sjølve. Den 13. juni vart det opna for reiser til Danmark og Sverige, men helst Norgesferie, takk!

Juli er notert med stor trafikk for reiselivet og august går sin gang med fleire raude flekkar på kartet. Svenskehandelen blir avlyst, og den 31. august melder Kjell Petter, sonen til Torbjørg på Hamar, at familieturen til mor Torbjørg til Hamar må utsetjast da smitten på Hamar ikkje er under kontroll.

Siste laurdagen i august har Torbjørg notert grottefesten i Oslo der 25 ungdomar vart sende på sjukehuset med kolosforgifting. At politiet brukte fire timar på å koma til grotta etter at dei fekk varsel har fått eit utropsteikn bak av Torbjørg.

Ho registrer at folk spritvaskar seg i butikkane og er forsiktige. Ja, kanskje nokre tek det alt for alvorleg, trur ho. På campingplassen på Skarå er det ein av gjestane som har teke på seg spritvaskinga kvar dag.

– Eg er nesten redd for at han kan bli alkoholikar, smiler Torbjørg

Torbjørg tykkjer det gjer godt med ein fridag i lag med dotter Synnøve til Beitostølen, og innrømmer at denne koronatida har slitt på nervane innimellom. At ho ikkje kan reise til Hamar, sjølv om ho kvir seg for å reise ut av bygda, og at slekta ikkje vågar å koma heim att plagar ho.

Sunt bondevett

Torbjørg har heile tida hatt stor reiselyst. Fleire utanlandsturar med Nytt & Nyttig sine flinke guidar, fem turar til Beijing i lag med slekt og venner og Italia har vore av reisemåla. Før jul stod Wien på reiseplanane for å møte nokre slektningar der, men pandemien sette ein stoppar for det.

– Kor lenge trur du pandemien vil vare?

– Det er det ingen som veit, men eg trur vi må leva med dette i ei god stund, er Torbjørg sitt svar.

– Og eg vil ikkje gle meg for tidleg sjølv om det blir hevda at nokre land vi ha ein vaksine klar dette året. Å feire for tidleg gjorde eg i 1945, og det gjer eg ikkje ein gong til. Nå ser vi at dei yngre er mest sårbare. Ingen kan svare for framtida, men eg håpar det letnar når ein effektiv medisin blir tilgjengeleg. Større festivalar dei fyrste åra fryktar eg kan bli avlyste.

– Men det er flott med sunt bondevett, som rektor på sjømannsskolen hadde som motto, fortel Torbjørg før ho avsluttar notata sine slik: Etter 40–45 år som campingvert, prata med folk frå heile verda, og til nå – gå i krok for folk og ikkje koma nær, men halde ein meters avstand – det er stor forskjell det.