Gå til sidens hovedinnhold

Kor små kan vi bli?

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Nei da, det er ikkje sikkert det hadde vorte noko av samanslåing Vågå og Sel kommunar uansett, men eg meiner vi kunne hatt nytte av å bygge standpunktet vårt på meir fakta og kunnskap.

Kommunen er mykje meir enn grensene på kartet. Ein kommune er sett til å forvalte mange lover og reglar på vegne av staten. Samtidig er kommunen leverandør av ei rekkje tenester, og har dessutan ei viktig rolle som samfunnsutviklar og tilretteleggjar for demokratiske prosessar i lokalsamfunnet. I mange kommunar er det også kommunen sjølv som er den største arbeidsgjevaren.

Dette gjer at kommuneorganisasjonen er svært kompleks samanlikna med andre verksemder. Mange av oppgåvene er lovpålagte og ein del er livsviktige for innbyggarane. Dette stiller krav til profesjonell leiing og saksbehandling, og ikkje minst til kompetente medarbeidar i alle ledd.

Som andre verksemder er kommunen avhengig av inntekter, og ein vesentleg del av desse kjem i form av skatteinntekter og rammetilskot frå staten. Og rammetilskotet er i stor grad knytt opp mot innbyggartalet. Når inntektene går ned, må utgiftene kuttast.

I desse dagar bikkar det samla folketalet i dei seks norddalskommunane under 18 tusen. Allereie om 12 år er vi eitt tusen færre, dersom SSB sine prognosar slår til. Samtidig blir det færre i yrkesaktiv alder og følgjeleg færre barn og unge, medan talet på eldre veks.

Mitt hovudpoeng er at vi som folkevalde har ansvar for å prøve å skaffe oss kunnskap om samfunnsutviklinga og moglege handlingsalternativ, slik at vi kan endre og tilpasse drifta i tide. Da trengst det vilje på minst to plan; vilje til å søkje fakta og kunnskap, og vilje til å gjera endringane.

Vågå SV sitt program skildrar ei bekymring for kommuneøkonomien framover, og om rammevilkåra frå staten vil innebera handlingsrom til å gje innbyggarane gode nok tenester. Det er denne bekymringa eg har bygt mitt standpunkt på når det gjeld prosessen Vågå–Sel. Eg ynskte at dei to kommunane skulle utforske og utfordre moglegheitene. Det er etter mitt syn på langt nær eit knefall for regjeringa sin sentraliseringspolitikk eller tilrettelegging for private aktørar i velferdstenestene.

Blåheld vi i strukturar fordi dialogen med innbyggarane om nødvendige endringsprosessar er for krevjande? Kor små kan kommunane bli, eller skulane i kommunen? I regionen? Eller andre tenester i kommunen, som er både lovpålagte og viktige for innbyggarane, men som allereie er små? Blir fagmiljøa i framtida attraktive nok til å rekruttere dei beste medarbeidarane? Greier vi å ta vare på rettstryggleiken til dei mest sårbare tenestemottakarane? Og vil vi ta inn over oss at alternativet med samarbeid over kommunegrensene også skaper utfordringar? I styringa og ressursbruken?

Det går ei grense for kor små vi kan bli før det tvingar seg fram endringar vi helst vil knipe att augo for. Enno sit 110(!) kommunestyrerepresentantar i norddalen stort sett rolege i båten. Og medan tida går, ser mange av oss ut til å vera mest bekymra for at arbeidsplassar blir flytta til regionsenteret Otta. Bekymringa mi er langt større for at både studieplassar og arbeidsplassar forsvinn ut av regionen.