Konsesjonstrolla på Heidalsskogen

Foto:

Av
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Den 1. september følgde vi Sel formannskap si handsaming av klagesaka vår, ikkje visste vi att vi som innflytte vagværar skulle møte konsesjonstrolla på Heidalsskogen. Før saka vår kom opp var det over 2 timar med orientering frå NAV og ulike etatsleiarar om kommunen sine utfordringar med rus, fråflytting, rekrutteringsproblem og ikkje minst store problem innan psykiatri og psykisk helse. I lys av dette er vi overraska over at ikkje Anita Solberg (H) fekk med seg nokon i sitt forslag om å gjere Sel kommune om til ein JA kommune, innvilge konsesjonssøknaden vår og sende eit signal om at Sel kommune ynskjer unge folk til distriktet. Anita har skjønt det, ho var tøff og uredd då ho utfordra formannskapet, men vart åleine mot fleirtalet på 6. Det vart aldri tematisert at 3 av desse 6 sjølv eig og driv jord- og skogbrukseigedom i Heidal. Det var kun desse 3 konsesjonstrolla som ytra seg negativt til at vi skulle få konsesjon. I etterkant av oppslaget i GD har vi motteke uttallige støtteerklæringar, frå fjern og nær, kjende og ukjende, lokalpolitikarar og politikarar høgare opp i systemet. Fellesnemnaren er at vedtaket til formannskapet verkar heilt meiningslaust.

Vi har søkt konsesjon på ein skogteig i Heidal som i fleire hundreår har tilhøyrt Ingrid si slekt. Sel kommune vil ikkje gje oss konsesjon, dei meiner omsynet til busetting i denne delen av kommunen og at det ikkje er ei god driftsmessig løysing er grunnar gode nok til å nekte oss konsesjon.

Vi er overraska over at Sel kommune vektlegg omsynet til busetting i denne delen av kommunen så tungt i vår sak. Dette omsynet såg dei vekk ifrå då formannskapet gav løyve til Liv Mari Harildstad i same møte om å dele frå dyrkajord. Saka gjev presedens og vil på sikt føre til at dei store bruka i Heidal vert større, dei minste forsvinn og busettinga etter kvart går nedover.

Vidare peikar Sel kommune på at det ikkje vil vere ei driftsmessig god løysing at vi får overta skogteigen der grunngjevinga er avstanden til Uleberg, ca. 35 km. Avstand til skogen var aldri, merkeleg nok, eit tema då ei dame busett på beste vestkant i Oslo i fjor fekk konsesjon på eit bruk i Heidal i fjor, men vi får ikkje drive skogteigen i Heidal frå Vågå.

Sel kommune argumenterer vidare for at delar at skogteigen kan dyrkast opp og dermed styrkje nærliggjande bruk i Heidal. Dersom dette er så viktig for kommunen burde Sel kommune først feie for eiga dør og oppfylle eit av konsesjonsvilkåra for Luseter (Treidereigedommen), som kommunen fekk i gåve for snart 10 år sidan, om å selje areal ut frå eigedommen for å nettopp styrkje nærliggjande bruk. Kommunen har brote dette konsesjonsvilkåret i over 5 år. Vi får heilt vondt i magen av dobbeltmoralen til Sel kommune i denne saka.

Sel kommune kunne synt seg som ein JA-kommune som heiar fram unge par som ynskjer å etablere seg i området å bidra med kompetanse og vekst i folketalet. I staden endar den opp med å stille Sel kommune i eit svært dårlegljos og sender svært negative signal til unge folk som vurderer å busetje seg i distriktet. Vi får ofte spørsmål om vi tilrår vener og bekjente å flytte til Nord-Gudbrandsdalen – før var svaret eit rungande JA, nå er vi neimen ikkje så sikre lengre. Konsesjonstrolla på Heidalsskogen er igjen ute å luktar etter kristent blod, desse skal ein ikkje spøkje med, brått står du utan gard og grunn.


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags