Gå til sidens hovedinnhold

Konkret målsetting: 50 kommunale læreplassar i Nord-Gudbrandsdal!

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

I eit koronaår, - der mange lærlingar har fått læretida si sett på vent - der yrkesfagselevane i den vidaregåande skulen har fått mindre praksis i bedrift enn dei treng - der det såkalla «kompetansesamfunnet» har gjenoppdaga fagarbeidaren (fordi ein ikkje kan drive barnehagar eller sjukeheimar, køyre brøytebil eller bake brød via PC`n på heimekontoret) der vel Bygdalista og Vågå Arbeiderparti den 18.02.21, under rulleringa av «Handlingsplan for næring og reiseliv», å stemme imot Vågå SV sitt forslag om at

«Det er ei målsetting at alle yrkesfagselevar som ynskjer det, skal få læreplass i regionen».

Forslaget er grunngjeve med at Vågå SV vil stimulere enda fleire elevar til å velje eit yrkesfagleg vidaregåande skuleløp, dvs to år i skule og to år som lærling i kommune/bedrift. Vågå SV ser Nord-Gudbrandsdal som èin arbeidsmarknad, og da må kommunane i samarbeid legge til rette for at det er nok læreplassar både i kommunane og i bedriftene i regionen.

Bygdalista og Vågå Arbeiderparti vel likevel å stemme imot forslaget, fordi det ikkje er konkret nok.

Kva med å gjere målsettinga konkret nok da? Og ta forslaget med inn i regionrådet? Den førre regionrådsleiaren, Vågå Ap sin eigen ordførar, lanserte på felles regionalt formannskapsmøte våren 2018, «eit hårete mål» om at kommunane i Nord-Gudbrandsdal til saman skulle garantere for 50 kommunale læreplassar.

DET hadde vore ei satsing på yrkesfagselevane i regionen, det! Og ei svært god satsing for oss alle, med tanke på bulyst og folketalsutvikling i Nord-Gudbrandsdal. Konkret!