Gå til sidens hovedinnhold

Kommunesamanslåing Vågå - Sel

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

For 5 år sia viste folkeavstemming i Vågå at 86% var imot kommunesamanslåing med Sel. Tida endrar seg og folk endrar seg. Vi har valg kvart 4.år med skiftande resultat. Men ingen av dei fire partia i Vågå gjekk i 2019 til valg på ei ny runde med forhandlingar med ønske om ei kommunesamanslåing. Vi veit difor ikkje om innbyggerane har endra meining.

Når vi sitt med eit så overbevisande resultat frå berre fem år tilbake vil det vere uklokt av kommunestyret å sjå bort ifrå dette utan å spørre nettopp innbyggerane om dei har endra meining.

Vi i Vågå Sp meinar difor det er nødvendig å gje innbyggerane ei moglegheit til medverknad før ein eventuelt går vidare med forhandlingar med Sel.

Får vi eit nei ved ei avstemming som loddar stemninga kan vi skrinlegge arbeidet utan at administrasjonen og politikarane brukar meir tid og pengar på det.

Er det ei anna stemning enn sist har vi eit mandat til å jobbe utifrå og kan då ta ei ny folkeavstemming når vi ser kva resultat forhandlingsarbeidet gjev.

Alle er opptatt av innbyggerinvolvering og dette er ein måte å gjere det på i tillegg til eventuelle folkemøter.