Kommunehuset i Vågå ope berre etter avtale

Illustrasjonsbilete.

Illustrasjonsbilete. Foto:

Kommunehuset vil vere ope for publikum berre for den som har gjort avtale på førehand fram til 19. januar. Frivilligsentralen og all aktivitet i hall og kulturhus blir stengt fram til 19. januar.

DEL

Vågå kommune la ut følgjande informasjon på heimesida si måndag ettermiddag:

"Kommunehuset vil vere ope for publikum berre for den som har gjort avtale på førehand fram til 19.01.21. Ring gjerne servicetorget dersom du har spørsmål eller treng å kome i kontakt med nokon av våre tilsette, telefon 61 29 36 00. I samsvar med sentrale retningsliner ønskjer Vågå kommune å ha ei restriktiv haldning til fysiske møter nå i perioden fram til 19.01.21.

Dagsenteret og "Inn på tunet" blir opna måndag 11.01.21.

Barneskulane og SFO opnar på "gult nivå", ungdomsskulen på "raudt nivå" frå 05.01.21. Skulebussen vil gå som normalt. Nærmare informasjon om skule og skuleskyss blir gjeve til elevar og føresette.

Kulturskulen gjennomfører individuelle timar med lærar, sjå nærmare informasjon på facebooksida til Kulturskulen eller ta kontakt med rektor.

All aktivitet i hall og kulturhus blir stengt fram til 19.01.21.

Frivilligsentralen vil vere stengt for aktivitetar på dag- og kveldstid fram til 19.01.21. Kontoret på Frivilligsentralen vil være ope som vanleg og leiar er tilgjengeleg både på kontoret og på telefonnummer 48263761 / 99041280. Det er viktig at vi har omsorg for kvarandre sjølv om det er på avstand. Dersom det er noko du treng hjelp til eller om du berre vil ha nokon å prate med, så ta kontakt."

Artikkeltags