Veggumsløkken fortel frå oppveksten, og at etter huset deira var bygd kom Kafé Kvil, husa til Kristoffersen og Moen.

- Eg vart fødd fem år seinare og var seks år da krigen starta. I 1948 kom realskulen til Otta. Kristian Lien var ordførar i Sel. Tidlegare hadde dei som skulle gå realskulen reist til Lom eller til Hamar. Det var opptaksprøve for å koma inn, og det kosta 25 kroner per månad å gå der. Vi hadde eksamen i absolutt alle fag, fortel ho. Dei som ikkje kom inn på realskulen starta på framhaldsskulen, som også var ein god skule. Eg var 11 år da freden kom, og eg hugsar krigen godt. Det var to-årig realskule på Otta, og vi hadde hovudbasen vår på barneskulen på Otta. Det var plassmangel, så vi hadde skule både på Ebenezar og i det gamle kommunehuset framanfor Otta hotell der det er stor glasveranda. Etter realskulen gjekk eg på landsgymnaset på Vinstra. Da pendla vi med buss mellom Otta og Vinstra kvar dag. Agvald Gjelsvik var rektor og gymnaset på Vinstra hadde godt ord på seg. Skuleåret 1953-54 fekk eg eit lærarvikariat på Nord-Sel der eg var lærar for elevane i 1. og 2.klasse.

Ville ut i verda

På femti- og sekstitalet var det ikkje uvanleg at unge gutar tok seg arbeid til sjøs og kom heim att og fortalde om San Fransisco, Singapore, Hong-Kong og palmesus. Denne verda ville Kirsten også sjå og oppleva. Sjølv om foreldra sa nei så tok ho til på sjømannskulen på Ekeberg som 20-åring.

- Det var eit lærerikt år, fortel Kirsten. Eg måtte ta opp eit lån. Det var litt flaut, men det var greitt å få kausjonistar. Lånet betalte eg tilbake innan rimeleg tid da eg starta opp som radiotelegrafist i rederiet Klaveness.

- Kva fekk ei jente frå midt i fastlandet til å ønskje seg å bli telegrafist ?

- Eg hadde vore med i speidargruppa, og der lærte vi morsealfabetet og sende ljossignal med lommelyktene våre. Dette tykte eg var så spennande at eg var fast bestemt på å gå den vegen.

Kvinneleg offiser i mannsdominert miljø

Det var i gullalderen til norsk sjøfartshistorie at Kirsten Veggumsløkken mønstra på tankbåten til rederiet Klaveness. Alle offiserane og dei fleste av mannskapet var nordmenn, og kapteinane var ofte litt eldre menn.

- Eg må vera ærleg å fortelja at kapteinen min var noko skeptisk. Ein dag senda han eit koda telegram samansett av tal og kodar til rederiet. Han las telegrammet til meg som var slik: Har fått ung, kvinnelig telegrafist om bord. Vennligst bekreft at De har fått dette telegram. Men vi var profesjonelle offiserar og vart gode venner det året som eg var telegrafist på den båten. Eg lærte mykje av han, og eg var flinkare enn han i engelsk og norsk så eg vart sekretæren hans.

Som nyutdanna telegrafist og offiser hadde ho ansvaret for timelister og utbetaling av lønn til mannskapet. Noko av lønna vart utbetalt under sjøreisa og resten ved avmønstring.

- Dei yngste ufaglærde gutane hadde berre 285,- kroner i månaden hugsar Kirsten. Som offiser hadde ho betre lønn enn som lærarvikar den gongen. Dei norske gutane var populære hjå jentene på Filippinene. Dei stor på kaia og venta på dei ljose, pene, reine norske gutane som hadde god råd, fortel Kirsten. Dei fyrste utanlandske i mannskapet kom frå China og var kokkar, byssemannskap og ansvar for reingjering.

Arbeidsdagen hennar var vakter på 8 timar, og så slo ho på automaten. Den gongen var apparata til radiotelegrafisten store med mange store glasrøyr. I dag er alt elektronisk og så mykje mindre. Kirsten hadde gått engelsklinja på gymnast og hadde god engelskundervisning på sjømannsskulen. Derfor var ho meir språkkunnig enn dei fleste mannlege kollegaene på båten, og ho fekk også ansvaret for dokumentskriving i samband med immigrasjon og tollarar og kommunikasjon med losar i tillegg til rekneskapen på båten.

- Men som jente var det nok slik at eg måtte prestere meir enn mennene for å bli fullt ut akseptert som likeverdig offiser, vedgår Kirsten som på denne måten har vore med og brote nokre barrierar for jentene.

Naudsignal

Kirsten fortel at ho har opplevd å få inn naudsignal fleire gonger som telegrafist. Særleg i den engelske kanalen på grunn av den tette trafikken på sjøen. Men i september 1957 var det dramatisk. Båten til Kirsten var på tur langs Florida-kysten da det kom inn naudsignal frå det tyske skuleskipet Pamir som var eit fullrigga seglskip. Det var midt inne i ein forrykande orkan og hadde store vanskar. Dei hadde heller ikkje fått tid til å ta ned segla på båten. Båten med Kirsten og andre skip gjekk i retning Pamir, men like etter fekk Kirsten inn det ho kalla ei tryggingsmelding – TTT. Pamir hadde vorte knust til pinneved og hadde forlist. Åtti omkom og seks vart berga i ein livbåt seinare av den amerikanske båten A/S Washington med norske Lars Bjotveit som kaptein. Kirsten fortel at dei kunne få inn signal fem hundre nautiske mil unna, som er ca. nitti km.

Tørrlasteskip/Linjeskip

- Eg likte best å vera med på det vi kalla linjeskip, for da var det meir å oppleva når vi var i dei ulike hamnene. Tankbåtar og passasjerskip tykte eg ikkje var så spennande, fortel Kirsten som har opplevd mykje rar utanlandshjelp. USA hadde gjeve kjøleskap til Indonesia der dei ikkje hadde elektrisitet, og Sovjet hadde sendt snøplogar til Afrikakysten der dei ikkje hadde sett snø nokon gong! Skipa kunne ha med inntil 12 passasjerar utan at det var krav om lege om bord, og da var det skipperen og styrmannen som hadde det medisinske ansvaret.

Nesten for sein til eige bryllaup

Når Kirsten var på heimlege trakter att vart ho ofte hyra inn som lærarvikar. Som lærarvikar på Otta realskule 1963-64 møtte ho Olav Veggumsløkken «i døra», og denne mannen hadde ho også lagt merke til under oppveksten på Otta - og dei finn kvarandre. Før dei reiser ut på sjøen att som eit par i 1966 fullfører Kirsten to-årig lærarskule på engelsklinja ved Oslo off. lærarskule. Etter at gnisten og stuerten hadde seila to turar rundt jorda er planane klare for giftarmål i New Orleans den 16.des. 1967. Kirsten har ordna med prest og folk frå ambassaden som vitne på eit dommarkontor, men så legg skodda seg over elvemunningen av Mississippi. Heldigvis treng ikkje losen som har kome om bord nokon telegrafist, så Kirsten og Olav får reise med hydrofoilbåt så fort dei kan vidare oppover elva til dommarkontoret. Gifte blir dei, og velsigninga får dei i den norske sjømannskyrkja. Kirsten hugsar godt orda om tru, håp og kjærleik. Bryllaupsreisa blir ikkje mindre enn ein tur til rundt jorda, denne gongen som ektepar.

Sjølivet slutt i 1968

Nå har Olav vorte kjøkkensjef på Kolbotn, og annonsane om ledige husvære i Aftenposten blir flittig studert av ekteparet Veggumsløkken. Kirsten er lærar i Oppegård kommune eitt år før turen går tilbake til byen ved Rondane i 1970. Olav arbeider etter kvart som kokk på Otta Inn og i kantina ved Hjerleid på Dove og vidaregåande skule på Otta der han også er kokkelærer. Kirsten startar ei lang karriere som lærar på ungdomsskulen på Otta og Handel og kontor på vidaregåande skule i fire år. Familien aukar etter kvart med to jenter, og i seinare år har det vorte fire barnebarn. Olav gjekk bort i 2017, men Kirsten og han fekk mange gode år saman der reising framleis var sentralt. Med bobil farta dei tidleg til sørlegare strøk i Europa der dei også budde i den kaldaste årstida. Ikkje nok med dei - i lag med 13 andre bobilar farta dei på kryss og tvers i USA og var innom mange nasjonalparkar. Da var Olav 80 år og Kirsten var 78.

- Eg har hatt eit rikt liv, fortel Kirsten, og ho trivst godt på toppen av AMFI på Otta. Eg trur på skjebnen, livet vart slik det skulle vera, og eg angrar ikkje på noko. Men at dei nå legg planar for store tankskip som skal gå på verdshava utan mannskap tykkjer eg er otyleg.