– Det er skrive mykje om Vågåkyrkja og det finst mykje gamal dokumentasjon. Vi har eit mål om å samle alt vi klarer i ei praktbok om Vågåkyrkja, seier Erik Lillebråten, leiar i Vågå kyrkjelege fellesråd.

Det er fellesrådet som har teke initiativ til bokprosjektet, og som er oppdragsgivar.

Stort prosjekt

Lillebråten innrømmer at dette er eit ambisiøst mål og eit stor prosjekt, og seier at dette er noko ein må bruke tid på.

Arbeidet er nå i eit forprosjekt, og det er sett ned ein redaksjon som har ansvar for å lage boka. Vågå kyrkjelege fellesråd er styringsgruppe for bokprosjektet.

– Det er sett ned ein redaksjon og Ivar Teigum er engasjert som redaktør, seier Lillebråten.

I 1625 byrja dei bygge Vågåkyrkja. Ho vart innvia i 1630. Kyrkja midt i Vågåmo er altså snart 400 år gamal, og det er i forbindelse med dette jubileet at arbeidet med boka vart sett i gang.

Stor vekt på bilde

I tida framover skal det lagast ein plan for kva boka skal innehalde, men Lillebråten fortel litt om kva framtidige lesarar kan vente seg.

Han opplyser at bilde kjem til å vere ein vesentleg del av boka om kyrkja i Vågå.

Han forklarar det til dømes vil bli lagt stor vekt på å dokumentere alle dei ulike delane av altertavla, preikestolen og andre viktige detaljar inne og ute.

– Boka skal nærmast kunne brukast som eit oppslagsverk.

Boka skal også sette Vågåkyrkja inn i ein større, historisk samanheng, og i fyrste rekkje omhandle kyrkja og kyrkjegarden.

– Det er mange som kan sitte på historier og bilde som kan vere aktuelle i dette prosjektet, og da er det berre å ta kontakt, seier Lillebråten.

Samlar materiale

– Vi er tidleg i prosessen, og driv med eit forprosjekt der vi samlar inn materiale, seier redaktør Ivar Teigum.

Teigum fortel at redaksjonen arbeider ut ifrå ein plan om at dei skal jobbe med bokprosjektet i tre-fire år framover.

– Det har vore stor interesse for Vågåkyrkja, og det finst mykje materiale. Dei fleste vagværer har livet sitt knytt til kyrkja på ein eller annan måte.

Redaktøren legg til:

– Det er både interessant og viktig å gjere ein god jobb for å dokumentere både bygninga, utsmykkinga, kyrkjegarden og prestegarden. Det er 400 år med historie, og så veit vi litt om det som var før det også.