Vi har erfart korleis klimaendringar og ekstremvêret kan ramme etter «Hans», vi veit også at dette kjem til å skje att med jamne mellomrom.

Hus, avlingar, veger og jernbane er hardt ramma i Innlandet fylke, også næringslivet elles med vatn som trenger inn i hus og skaper store utfordringar.

Innlandet er Noregs største vegeigar, etter staten, med 6793 km. fylkesveg, 1233 bruer og eit vedlikehaldsetterslep på fylkesveg på over 5 milliardar kroner.

For 1 år sidan skapte brukollapsen på Tretten store utfordringar for lokalsamfunnet og næringslivet der.

Nå har Gudbrandsdalen på nytt store utfordringar med jernbanebru-kollaps på Ringebu, toga går ikkje og spørsmålet er kor fort ei slik skade kan reparerast.
Moglegheita til å binde Innlandet saman med bærekraftige transportløysingar vart sett sjakk matt, og jernbana som skal utviklast som ein ryggrad i kollektivsystemet har fått seg ein skikkeleg knekk.

Den største konsekvensen blir det for godstransporten. Det er 16 konteinartog og eitt til to tog med tømmer som går på Dovrebanen kvart døgn. Berre eitt godstog tilsvara 30 lastebilar.
Rørosbanen tek unna for ein del som ei akutt løysing på denne utfordringa, men det må planleggast frå dag til dag for å få det til. Persontoga må vike for gods slik det er på Rørosbanen nå og denne banen har heller ikkje kapasitet til å ta alt på grunn av manglande kryssingsspor.

Innlandet fylke sine største klimagassutslepp kjem frå transport, bekymringa SV har nå er at godstrafikken hamnar på vegane permanent. Vi går att og bak inn i framtida om ikkje Gudbrandsdalen og Innlandet får hjelp, krisehjelp.

Her må det handlast og det hastar. Om Innlandet skal bli sett i stand til å ta ansvar for å redusere klimagassutslepp kan ikkje godstrafikken over på veg att, det er også ei stor utfordring for trafikksikkerheit.
SV krev strakstiltak på Dovrebanen. Jernbanebrua, Gudbrandsdalen og Innlandet må få transportløysingar for framtida.