Eg viser til debatten om ambulanseberedskapen i Norddalen. Etter mi meining er dette ei teneste som gjev effektive helsetenester med høg kvalitet, og eg kan i hovudtrekk seie meg samd i det overlege Dag Frode Kjernli skriv i eit lesarinnlegg i GD. Kjernli minner også om at ambulansetenesta i Norddalen nyleg har vorte styrka med ei døgnambulanse, brannvesenet brukast som first responder og i tillegg har den faglege kvaliteten på behandlinga vorte betre dei siste åra. I tillegg har ambulanser frå Nord-Gudbrandsdalen god erfaring med at den nye legebilen stasjonert i Moelv rykker ut og møter sørgåande ambulanse, til dømes viss det ikkje er flyver.

Samtidskonflikter: Sjølv om ein ikkje kan gardere seg mot samtidskonflikter, er mitt inntrykk at tilgangen til ambulanse er god nok – det er svært sjeldan at ei ambulanse er langt unna. Unntaksvis blir drosje brukt til transport– dersom ein finn det medisinsk forsvarleg. Om tilstanden skulle forverre seg under transport til sjukehuset, så passerer ein ambulanser stasjonert på Otta, Vinstra og Ringebu.

Delt ansvar: Ansvaret for akuttmedisinsk beredskap ligg både hos kommunane og sjukehuset. Dette er heimla i akuttmedisinforskrifta. Statistikk frå den interkommunale legevakta i Nord-Gudbrandsdalen viser at talet på kontaktar med legevakta frå 2013 til 2019 nærmast har dobla seg. Den største auka er talet på henvendingar frå tilsette i kommunal pleie- og omsorgsteneste. Årsakene til dette er samansette, men hovudårsakene er truleg samhandlingsreformen frå 2012 (tidlegare utskriving, meir samansette sjukdomsbilete og oppgåveoverføring frå sjukehus til kommunane) og eit etterslep i fagleg oppdatering og kunnskap i pleie- og omsorgstenesta. Dette fører til ei auka arbeidsmengde både for legevakta og ambulansetenesta. Til dømes at ein pasient blir transportert til legevakt for ei triviell problemstilling – som burde ha vore løyst der pasienten er. I tillegg brukar både ambulansene og legevakta unødvendige ressursar på typiske pleie- og omsorgsoppgåver om natta i Lesja og Dovre sidan heimesjukepleia ikkje har bemanning heile døgnet. Det er åpenbart at dette fører til dårlegare akuttberedskap i regionen.

Tverrfaglege prosjekt: Nord-Gudbrandsdalen lokalmedisinske senter har hatt fleire vellykka prosjekt saman med Sjukehuset Innlandet. Desse har illustrert dei positive effektane ved å samarbeide i praksis. Spesielt nyttig er det å bli kjent og sjå perspektivet til andre yrkesgrupper. På fagspråket er dette det ein kallar operativt organiseringsarbeid. Eg vil her trekke fram "Mobilt prehospitalt team" der ein paramedisiner vart tilsett på legevakta, utstyrt med akuttbil og digitalt utstyr. Dette gav høve til å reise dit pasienten var, anten i heimen eller på sjukeheim. I 2/3 av tilfella slapp pasienten transport til legevakta. Denne akuttbilen ligg på nå "på is" i påvente av finansiering for å starte opp igjen.

Barrierer: Når det gjeld manglande tempo og utakt i innovasjon, er erfaringa at dette ikkje står på vilje eller evne hjå dei tilsette, men at arbeidet stoppar opp fordi dei økonomiske rammene til kommunal sektor ikkje gjev økonomisk rom for strategisk kompetansearbeid. Det same gjeld altså for prosjektet "Mobilt prehospitalt team", der kommunane ikkje såg seg råd til å drifte prosjektet vidare. Imidlertid vil det å halde fram med dagens driftsstruktur nærmast føre til dobling av kostnadene til helse og omsorg fram mot 2060. Det å halde fram med dagens modell er altså ein styrt kollaps av helsevesenet.

Digitalisering er framtida: Videoteknologi for betre prehospital beslutningsstøtte i prosjektet PreVis blir nå mellom anna implementert i alle ambulansene i Nord-Gudbrandsdalen, luftambulansa på Dombås, legevakta og SI. Det blir også jobba med å pilotere denne teknologien på sjukeheimen i Skjåk og i heimesjukepleia i Vågå. Ein reoppstart av "Mobilt prehospitalt team" og videoteknologi vil gje eit godt helsetilbod til befolkninga både på Bjorli, Grotli og Tessand. I tillegg blir det implementert teknologi til å ta i bruk prehospital ultralyd når tida er moden for det.

Integrert akuttberedskap: Innlandet er nå delt i helsefelleskap uavhengig av fylkesinndeling der kommunane og spesialisthelsetenesta skal møtast som likeverdige partar. For å skape integrerte helsetenester er ein avhengig av samarbeid som fungerer i praksis. Sjukehuset Innlandet må vise at dei vil utvikle dei lokalmedisinske sentra – ikkje berre prate fine ord om det. Kommunane må ta inn over seg at dei har eit ansvar for å gje eit godt helsetilbod til innbyggarane før og etter ei eventuell sjukehusinnlegging der dei oppheld seg mest – i heimkommunen. Å utvikle eit integrert akuttmedisinsk tilbod blir enda viktigare så lenge eit nytt hovudsjukehus let vente på seg.