Vi har eit felles ansvar for å sette jordbruket i stand til å styrke og innfri samfunnsoppdraget sitt, som er å sikre matvareberedskapen og auke sjølvforsyningsgraden for Norge. Det må gjerast lønsamt å bruke meir av våre eigne areal til dyrking, utmarka må brukast til beiting og import av kraftfôr må reduserast.

Sentraliseringa av jordbruket kan ikkje fortsette. Nedgangen i antall gardar og jordbruksareal er mykje større i distrikta enn i meir sentrale strøk. I kommunar der jordbruket tradisjonelt har betydd mykje for samfunnsutvikling og verdiskaping, får jordbruket mindre å si. Slik er det også med utmarka. I distrikta var utmarka heilt nødvendig for å drive jordbruk, nå går bruken ned. Skal vi ha nok areal til å produsere den maten vi treng er utmarksressursane viktige. I distrikta er det vel knapt nokon som arbeider i jordbruket og det gjev ikkje slik ringverknad og verdiskaping som det gjorde før. Tidlegare var gardane eit økosystem der alle som arbeidde der vart verdsett, og drifta var viktig for andre næringar i bygda.

I Innlandet er reiselivet ei viktig næring. Men, attgroing, tome hus til nedfalls og grender utan liv er ikkje gode ramar for verken reiseliv eller bygdesamfunn og det får ikkje folk til å flytte til Innlandet.

Jordbruket sitt viktigaste oppdrag er å sikre matbedredskapen gjennom å produsere nok og trygg mat, på norsk jord, med gode arbeidsvilkår. Det må løne seg å arbeide i jordbruket med velferd og rettigheiter som i andre yrker.

Tiltak som gjer det mogleg å sikre matberedskap og auke sjølvforsyningsgraden i Norge, er i neste omgang ein viktig del av totalberedskapen i landet. I tillegg må det brukast verkemiddel slik at jordbruket har stø kurs i det grøne skiftet.

Vi må samle oss om det viktigaste;

1. sikre matberedskapen og auke sjølvforsyningsgraden

2. tette inntektsgapet og sikre velferden

3. sikre at jordbruket når sine eigne klimamål

Innlandet SV forventar ein forpliktande opptrappingsplan for norsk landbruk som sikrar auka matproduksjon og styrka matberedskap. For å nå sjølvforsyningsgraden på minimum 50% må samtlege verkemiddel brukast og optimaliserast. Innlandet SV krev at lønnsemda i å bruke utmark og alt dyrkbart areal blir sikra. Tilskotsordningar må vris til å støtte opp under produksjon som baserer seg på garden sitt eige ressursgrunnlag, samt hindrar nedbygging av matjord. Det er ein vesentleg føresetnad for jordbruk og dyrevelferd i Innlandet at forvaltninga av rovviltet er kunnskapsbasert og forutsigbart.

Innlandet SV krev at inntektsgapet må tettast, bruka må styrkast og inntektene i næringa må omfordelast mellom ledda i næringskjedene. Tilskota til jordbruket må aukast og omfordelast for å koma burt frå volumfokuserte tilskot, og krava til ombygging og investering må tilpassast garden sitt ressursgrunnlag. Tilskot og inntektsauk må henge saman med nødvendige klimatilpassingar som jordbruket må gjennomføre.

Innlandet SV krev at velferdsordningar og beredskap i landbruket må styrkast slik at det fylgjer samfunnsutviklinga. Brukaren sine arbeidsvilkår krev at det blir satsa på psykisk helse, velferdstenester, styrka rådgjevingstenester og forebyggande arbeid. Det er viktig å sikre gode lågterskeltilbod, basert på lokale behov.

Innlandet SV ynskjer styrking av Bionova og regionalt miljøprogram (RPM) for å nå måla i jordbruket sin eigen klimaplan. Dette er ein grunnleggande forutsetning for at Norge skal klare å nå sine internasjonale forpliktingar og at jordbruket blir en del av løysinga på klimakrisa.