Gå til sidens hovedinnhold

Ingen nye positive testar i Vågå

Ingen nye positive testar i Vågå torsdag, melder kommunen.

Vågå kommune oppdaterte torsdag kveld status for smitteutbrotet i kommunen.

Kommunen har testa alle barn og nærkontaktar knytt til Søre Grindstugu barnehage, utan at det er kome nye positive prøveresultat. Ein del av desse er i tillegg levert til laboratoriet som PCR-test, melder kommunen.

Alle har også fått med seg sjølvtest (kan teste seg sjølve eller ungane) og skal reteste seg sjølve i løpet av helga. Dersom nokon får positiv test på sjølvtest i løpet av helga må dei setja seg sjølv i isolasjon og ta kontakt med koronatelefon måndag.

Vågåmo skule og Vågå ungdomsskule blir sett på «gult nivå» frå måndag.

Det er no opna for vaksinering av 12-15-åringar og Vågå kommune informerer om at dei vil starte med denne gruppa så snart som råd.