Influensavaksinering i Vågå kommune

Av

Vågå kommune melder at det influensavaksinering i år vil gå føre seg i Vågåhallen. Det blir vaksinering torsdag 22. oktober og tysdag 27. oktober.

DEL

Det blir vaksinering i Vågåhallen på grunn av smittevernhensyn. Det er parkering på Halland, og det blir skilta. Tidspunktet er 10-17 båe dagane.

Meir interesse

Vågå kommune melder i ei pressemelding at det har vore meir interesse kring influensavaksineringen i år enn det brukar å vere.

"Det skuldast truleg Koronaviruset/covid-19. Myndigheitene har frykta at personar med svekka helse skal få begge desse sjukdomane samtidig. Sentrale myndigheiter har pålagt oss at årets influensavaksine fyrst og fremst skal gå til dei eldste og mest sårbare gruppene. Personar over 65 år i risikogruppa/som har kroniske sjukdommar og til helsepersonell som har pasientkontakt", heiter det mellom anna i pressemeldinga.

Spør fastlegen

"Dersom du er i risikogruppa gjeld det hjartesjukdom, lungesjukdom, nyresjukdom, diabetes mellitus, immunologisk og revmatisk sjukdom, kreftsjukdom og dei som har immundempande behandling. Lurer du fortsatt på om du er i risikogruppa spør fastlegen din. Vi håper så mange som mogleg i dei nemnde gruppene nyttar seg av tilbodet. Vi vil ettersjå at det ikkje blir for mange inne om gongen. Vi håper det fordeler seg godt utover heile dagen. Du vil møtt i døra, dei som ynskjer vil få tildelt munnbind. Hugs 1 meter avstand. Hugs at du må vera frisk for å få vaksine. Ikkje møte opp til vaksinering om du har symptom på luftvegsinfeksjon. Du må vente 20 minutt etter vaksinering. Deretter kan du reise heim", heiter det i pressemeldinga frå Vågå kommune.

Vaksina kostar 50 kroner. Dersom ein har frikort er det gratis. På grunn av smittevern får ein faktura i etterkant av vaksineringa med kostnad for vaksina og girogebyr.

Vågå kommune har også pneumokokk vaksine.

Melder om god kontroll

Vågå kommune melder at det er god oversikt og kontroll med Covid-19 i regionen.

"Vågå kommune har ingen kjente medslik smitte. Foreløpig rapport frå den sørlege halvkule tyder på mindre influensasmitte enn det brukar å vera. Det kan kome av dei strenge koronatiltaka vi har. Det er difor ingen grunn for noko sterk uro for desse sjukdomane nå", skriv Vågå kommune i pressemeldinga.



Artikkeltags