Ikkje rør skiløypene på Mysuseter

Illustrasjonsbilde

Illustrasjonsbilde

Av
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Etter at foreininga «Nye skiløyper på Mysuseter» vart danna i sommar, har debatten gått i ulike medium om det bør opprettast alternative skiløyper i området. Det dreier seg om løypene som i dag går langs Furusjøvegen og langs Ulvangsvegen. Desse er mykje brukte av alle slags brukargrupper, som lettvinte vegar ut til fine turområde og med gode tilhøve tidleg og seint i sesongen. Dette siste gjer Mysuseter attraktivt og er viktig for reiselivsbedriftene i området.

Nå vil altså ein handfull hytteeigarar endre på dette. Dei presenterer seg rett nok som mange, men tilbakemeldingar tyder på at det er nok å klikke seg inn på Facebook-sida deira for å bli registrert som tilhengjar. Den debatten som har vore, tyder tvert imot på at mange er sterkt urolege for at «Nye skiløyper…» skal vinne fram med saka si. Ei avstemming i Ulvangsvegen veglag i august syner at eit klart fleirtal av hytteeigarane òg er mot planane.

I eit brev til veglaga framstiller foreininga det som om dei berre bidreg til ein plan kommunen har vedtatt. Sel kommune skal ha «etablert» og «fastsatt» nye løypetrasear, og det manglar berre «nødvendige tillatelser fra kommunen og grunneigarane» for å kunne setje i gang. Faktum er at det ikkje er gjort eit einaste politisk vedtak i saka, og at ingen i kommunen arbeider med ho. Tvert imot føreligg det ein høgsterettsdom som slår fast at reguleringsplanen for området gjeld, og han opnar ikkje for nye løyper eller vinterbrøyting av dei to aktuelle vegane.

Det «Nye skiløyper…» teier om, er at dei alternative traseane er klart dårlegare enn dei eksisterande. Ein del av traseen langs Ulvangsvegen er rett og slett ubrukeleg, ifølgje utsegner frå teknisk kontor og frå løypelaget. Dei nye løypene vil dessutan innebere naturinngrep som nedbygging av myrer og sprenging i somme område.

Spørsmålet er korfor nokre hytteeigarar som først og fremst ønskjer vinterbrøytte vegar, skal kunne overkøyre hytteeigarane som vil behalde skiløypene slik dei er. Korfor skal tilreisande og lokalbefolkning utan hyttar måtte tola dårlegare skiløyper, og kva vil dette seie for Mysuseter som reisemål?

Sel SV meiner at Sel kommune nå må gje ei skikkeleg avklaring i saka. Det bør ikkje kunne reisast tvil om at reguleringsplanen gjeld. Planane til «Nye skiløyper på Mysuseter» kan ikkje setjast ut i livet på sida av planverket. Vi ser ingen grunnar til å bruke pengar, tid og arbeid på å laga dårlegare løyper og å øydeleggje meir natur på Mysuseter.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags