Å føde er ikkje ein sjukdom, men ein naturleg ting. Men, å føle seg trygg, ivareteken og få omsorg er svært viktig. Gjennom graviditeten, under fødselen og ikkje minst etterpå, i barseltida, treng ein å vite at det er kontinuitet i omsorg og oppfølging.

Norge er eit av dei landa der det er lågast mor- og barnedødeligheit. Likevel er det barselopprør og kvinner som protesterer mot for dårleg fødselsomsorg i 2022. I 2009 kom Stortingsmld. 12; «en gledelig begivenhet». Den handlar om samanhengande svangerskaps-, fødsels- og barselomsorg og la vekt på at jordmortenesta skulle bli meir tilgjengeleg og at sjukehusa fekk ansvar for følgjetenesta. Den gravide skulle kjenne seg trygg under heile forløpet og jordmortenesta skulle vere god, også lokalt.

Slik vart det ikkje og nå gjer kvinnene opprør for å få attende kvaliteten i svangerskapet og i barselomsorgen, få lov til å vere på fødeklinikken til ein er klar for å reise heim og for å få rett til heimebesøk av jordmor stutt tid etter fødselen.

Jordmor har vorte ein salderingspost i tronge kommunebudsjett, det er lang veg til fødetilbodet og det blir kutta i følgjetenesta. Sjukehuset ein føder på ynskjer dei fødande ut att så fort som mogleg og den barselomsorgen ein fekk av jordmor, som hadde vore med under heile svangerskapet, er ein ikkje sikra lenger.

Dette fører til at dei fødande føler seg utrygge og at 1 av 3 kvinner kjenner teikn på depresjon etter fødsel.

Behova til dei gravide og fødande blir ikkje lytta til og det blir heller ikkje lytta til forsking som syner til kva som er best for dei gravide og for folkehelsa. Nå er det økonomi, og statistikk som tel og ein ser på fødsel meir som ein sjukdom, som går over ...

Vi kvinner i Innlandet må også støtte opprøret. Det er ekstra viktig for oss av di fylket vårt kjem dårlegast ut på fødselsstatistikken i heile Norge, i tillegg er reisevegen ofte svært lang.

Det er vel ikkje dette vi ynskjer skal møte yngre som gjerne vil fløtte attende til eit fylke som sårt treng dei?

I Norge blir det nå satsa på nokre store fødeklinikkar der ein er oppteken av høgspesialisering og vi ser bort i frå at det å vere gravid og føde i utgangspunktet ikkje er høgrisiko. Kontinuiteten og omsorgen er nedprioritert.

Å føde ungar er ikkje ein sjukdom, og eg siterer ei jordmor: «det er ein finstemt prosess, både psykisk og fysisk, og krever omsorg, nærhet og kontinuitet i omsorg og oppfølging». For fleirtalet av dei som føder er det dette dei treng, ikkje eit spesialisert tilbod som fokuserer på høgrisiko og bemannar etter det, det både fordyrar og øydelegg mykje for normalt fødande. Det vil også gå ut over ressursane for dei som verkeleg treng spesialiserte helsetenester.

Vi får ikkje fleire til å føde når vi heilt gløymer det naturlege i det, reduserer omsorgsaspektet, legg ned moglegheitene for å føde nær heimen og reduserer jordmorstillingar for å saldere kommunebudsjettet.

La oss ta del i barselopprøret i Innlandet også. Og vi som politikarar må gå fyrst!