Pilegrimspresten Hans-Jacob Dahl frå Dovre skal leie eit følgje som skal gå i fotspora til Olav den heilage.

Turen starta frå Lesja 22. juli over fjellet til Skjåk og vidare til Lom og Vågå. I samarbeid med lokale lag (historielag og privatpersonar) blir det arrangert ulike samlingar langs ruta.

I Sel skal følgjet innom Ulsvolden, garden til Christian Skaugen, før turen går vidare til Jørundgard der Trondheimsolistane skal ha konsert. Turen er planlagd vidare nedover Gudbrandsdalen med Dale-Gudbrands gard på Hundorp som mål olsok den 29. juli.

Ulsvold – eit lite stykke norsk historie

Dei fleste kjenner garden Ulsvolden frå Rustvegen når dei nærmar seg undergangen før krysset inn til Nerøygardsvegen på Nord-Sel og vidare mot E-6. Brunsvidde tømmerhus over ei fargerik blomstereng snur ryggen mot deg når du hastar forbi.

Når du køyrer inn mot tunet blir du møtt av eit vakkert blomsterpynta tun med tre gamle fine tømmerhus på høgre sida og ein meir moderne stasleg bustad på venstre sida. Lenger opp i bakken på venstre sida ligg dei ulike driftsbygningane som høyrer til på ein større gard.

- Følgjet som Hans-Jacob Dahl går i spissen for kjem innom garden vår den 26.juli, og da skal eg fortelja litt om garden her, fortel Christian Skaugen som gjev oss eit dokument om garden skrivi av ein historikar.

Dokumentet

I det dokumentet går det fram at Ulsvold er kjend både frå Heilag Olavs saga, historia om Skottetoget i 1612 og ikkje minst frå romanen om Kristin Lavransdatter. Husa på Ulsvold er stort sett frå 17/1800-talet og dannar eit vakkert tun. Christian Skaugen fortel at det eine stabburet er freda, og at ei dør inn til stabburet truleg kjem frå ei gammal kyrkje på Nord-Sel. Stabburet er med Riksantikvaren si velsigning heva med ein fin mur under. Dette har skapt ein spesiell uteplass under stabburet med ei gedigen steinhelle som bord.

- Her er det lov å slå i bordet, seier Christian med ein godt smil.

Dei visste nok kva dei gjorde dei som bygde opp tunet her på garden. Plassert oppe på haugen var det betre å forsvare seg mot inntrengjarar, hevdar han og viser fram kontrakta av 1911 som Ulsvolden hadde som skyss-stasjon. Dei skulle halde fire hestar fast på garden i juni – august og to resten av året.

Skyssetappene frå Ulsvolden var til Brendhaugen på Dovre, Loftsgard i Sel og Sørem og Brovik (Lalm) i Vågå. På låven har Christian teke vare på fleire av skyssvognene. Han var forresten med inn på OL-opninga i hoppbakken på Lillehammer som hesteskyss nr. fire ! Det er ikkje husdyr lenger på garden, og jordvegen er bortleigd og aktivt utnytta.

Frå Vågå blir det i sagaen hevda at Olav den heilage reiste over Rusten. Der var det så mange steinurder at strekninga vart kalla Urarrost, også kalla Fandens ridebane.

Kongen tok inn på garden Uso. Forskarar meiner at dette kan vera garden Ursvoll som også vart kalla Ura. Ein skrivefeil kan ha gjort at dette vart Uso.

Christian Skaugen er på mykje tryggare grunn når han kan fortelja at Peter Christian Asbjørnsen banka på døra på Ulsvolden i si tid. Det var Tord og Anders Ulsvolden som var med Asbjørnsen til fjells og fortalde om Peer Gynt.

Da Sigrid Undset kom til Nord-Sel var Ulsvolden ein av gardane som inspirerte ho til å skrive triologien om Kristin Lavransdatter, ein av dei finaste middelalderromanane som er skapt. Christian Skaugen har mykje å fortelja og vise dei som følgjer Hans-Jocob Dahl i Olav den heilage sine fotspor.

Historie om Olav den heilage si ferd

Det er i Heimskringla at Snorre fortel at Olav den heilage i 1021 kom over fjellet frå Lesja til Skjåk og vidare gjennom Lom til Garmo der han møtte Torgeir den gamle. Som takk for at Torgeir ville bygge ei kyrkje ned mot Vågåvatnet på garden sin skulle han få fjellvatnet Tesse som betaling.

Kyrka står i dag på Maihaugen i Lillehammer, og dei spesielle fiskerettane som skinnbrevet frå Olav den heilage opna for blir praktiserte den dag i dag. Frå Garmo gjekk turen til Vågå og Tingsvaberget, der bøndene i Vågå fekk valet mellom å ta ved kristendomen eller bli støytt utfor det bratte fjellet ned mot Vågåvatnet.

På turen vidare mot Dale Gudbrand på Hundorp var han kanskje innom Ulsvolden på Sel og Jørundgard. Frå Nord-Sel gjekk ferda med Olav den heilage vidare til garden Søre Bræe (Bredi), og der møtte Olav sonen til Dale-Gudbrand klar til kamp med hæren sin.

På Søre Bræe har det tidlegare stått ei mellomalderkyrkje. Skildringa til Snorre om møtet på Hundorp mellom Dale-Gudbrand og Olav den heilage er så dramatisk at den fortener å bli teke opp att:

Kong Olav avtalte møte med bøndene tidlig neste morgen, og da skulle også gudebildet av Tor bæres ut. Da møtet var satt spurte Dale-Gudbrand kongen hvor hans Gud var. Samtidig stod sola opp og kongen svarte:»Der kommer min Gud med stort lys». Da bøndene snudde seg for å se mot soloppgangen, slo Kolbein sterke til gudebildet så det sprakk, og ut kom mus, øgler og ormer. Da de så dette tok Dale-Gudbrand og bøndene kristendommen.

Dette var starten på innføringa av kristendomen i Gudbrandsdalen for eitt tusen år sidan. Heimskringla er historiene om dei norske kongane skrivi på 1220-talet av den islandske diktaren og høvdingen Snorre Sturlason (1179 – 1241).

Snorre bygde historiene sine i hovudsak på muntlege kjelder, og vi skal merke oss at Heimskringla vart skrivi om lag to hundre år etter hendingane på Hundorp. Derfor er det også dei som dreg i tvil dei historiske fakta som Snorre fortel om. Snorre skriv forresten ikkje noko om ferda til Olav den heilage i Vågå, men det gjer Ivar Kleiven i boka si I gamle Daagaa.