Ekstremvêret Hans har gått hardt utover rv. 15 ved Ringnesbergje i Vågå.

– Det er fleire punkter med behov for utbetring langs rv. 15, noko trafikantane vil merka frå og med førstkomande måndag, seier seksjonssjef Asbjørn Stensrud i Statens vegvesen.

Dette må gjerast

Stensrud bed trafikantane notera seg følgjande:

– Frå 4. september frå klokka 08.00 skal vi spyle skredløpet i Ringnesbergje frå helikopter. Under spylinga vil rv. 15 bli stengd i om 30 minuttar om gongen. Trafikkdirigentar vil sleppe trafikken forbi når det ikkje spylast.

Også ved Garmo er det naudsynt med vegvøling og reparering.

– Rv. 15 ved Garmo vil bli stengd ei natt slik at vi får bytt ei stikkrenne som har kollapsa. Dette vil bli varsla nærare når vi veit kva natt det blir. Det vil også kome informasjon på aktuelle digitale skilt langs vegen, legg Stensrud til.

– Hald deg oppdatert

Og sjølv om ekstremverét Hans er over, er ein ikkje ferdige med ekstremvêret Hans.

– Det har gitt store skadar på vegnettet, noko som vil prega oss og vår aktivitet i lang tid framover, seier Stensrud.

Seksjonssjefen minner om at det aldri har vore fleire moglegheiter for å halda seg informert om trafikken i sanntid enn det er i dag.

– Så vi vil nok ein gong understreka kor viktig det er at trafikantane held seg orientert om tilhøva og følgjer og respekterer trafikkdirigentar og skilting. Vi skal gjere vårt beste for å informere så godt som mogleg, slik at dette heilt nødvendige vegarbeidet gir så små konsekvensar som råd er. For hugs at det er dette arbeidet som gjer at vegen framleis skal vere trygg – og open, avsluttar han.