Hjortejegerar får ikkje lov til å bruke større båt på Gjende

Øystein Nicolaisen og jaktlaget hans skal jakte hjort ved Gjendebu i haust. For å frakte folk og utstyr på ein trygg og effektiv måte har han søkt om å få bruke ein større båt enn det verneforskrifta opnar for. Det vil ikkje Nasjonalparkstyret vere med på.