– Vi har gått fleire rundar i denne saka tidlegare. Til nå har vi løyvde 20 millionar kroner, og det er et kraftig løft, det. Man bør kunne få til ganske mykje for de midla. Vi var veldig tydelege på det sist, at det var siste gangen vi støtta det enkelte prosjektet. Det er rett og slett avgrensa kor mykje fylkeskommunale pengar vi kan bruke på eitt enkelt prosjekt, sa fylkesordførar Even Aleksander Hagen under behaldninga i fylkesutvalet.

Etappe 1, som står klart til offisiell opning 19. juni, er finansiert med tilskot på 20 millionar frå Oppland fylkeskommune og fem millionar frå Vågå kommune.

Utbygginga inneheld mellom anna ny brygge for gjendebåten, bryggebygg med lager, kjølerom, avfallshandtering og overdekt opphaldsareal.

Ny og utvida parkeringsplass på Reinsvangen med plass til opptil 800 personbilar, samt servicebygg på Reinsvangen med toalett, sykkelparkering og haldeplass for skyttelbuss.

– Godt nok

Etappe 2 av utbygginga har ein kostnad på 69 millionar kroner der nytt terminalbygg på 350 kvadratmeter er den største posten. Utbyggingsetappe to tek også høgde for ny rundkøyring og oppstillingsplassar for bussar. Mellom anna.

Fylkesrådmannen meinte i innstillinga til fylkesutvalet at det ligg til grunn god nok infrastruktur og fasilitetar rundt Gjendeosen slik det er utbygd nå. Fylkesutvalet støtta den konklusjonen og avslo søknaden frå Statens vegvesen og Nasjonale turistvegar om midlar til fullføring av etappe 2.

Kostnadene for etappe 2 er rekna til til 69 millionar kroner, og føresetnaden for at arbeidet skal kunne starte opp, er et regionalt og lokalt bidrag på 18 millionar kroner