Det er mindre snø enn normalt langs fylkesveg 51 over Valdresflye. Dermed har fylkeskommunen sin driftsentreprenør fått brøyta opp fleire parkeringsplassar enn normalt til opninga. Det melder Innlandet fylkeskommune.

– Det er viktig at folk parkerer fornuftig, viss dei skal ut på tur og parkerer på Valdresflye. Følg trafikkreglane, og ta omsyn. Det er viktig at andre bilar, særleg utrykningskøyretøy og brøytebilar kan kome fram, seier byggeleiar Håvard Ødegård i Innlandet fylkeskommune.

Snart opnar vegen fram til Sognefjellshytta

Fylkesveg 55 til Krossbu og fram til Sognefjellshytta frå Lom-sida skal etter planen opne 7. april.

– Slik det ser ut nå, kan vi opne vegen torsdag 7. april klokka 12. Det er lite snø i fjellet og nettene skal bli kalde, ifølge vêrmeldinga. Dette reduserer faren for snøskred, seier byggeleiar Andreas Sande Lien i Innlandet fylkeskommune.

Resten av fjellovergangen blir opna ca. 2. mai.

Båe fjellovergangane blir nattestengt mellom 20 og 08 inntil vidare.