Framleis berre ein som har testa positivt i Vågå

DEL

Framleis berre ein som har testa positivt, det fortel Vågå kommune i ei pressemelding fredag føremiddag.

Ny testrutiner frå Folkehelseintstituttet:

Dei som er i heimekarantene vil ikkje lenger bli testa og skal heller ikkje kontakte helsevesenet – med mindre dei har behov for helsehjelp. Personar som er usikre kan ta kontakt med Corona-telefon 95 25 39 90. Den vil vere tilgjengelig også i helga, frå kl. 08.00-20.00.

Folkehelseinstituttet pålegg alle som har vore på reise utanfor Norden i perioden etter 27.02.20 skal halde seg i heimekarantene i 14 dagar etter heimkomst. Dette gjeld også husstandsmedlemmar.

Artikkeltags