Formannskap på ville vegar?

Av
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Det er med stor undring eg i går kveld les GD på nett. Formannskapet i Sel har einstemig vedteke at eit gardsbruk, som i mange augo er drivverdig, får dele frå alt av jordbruksareal, men behalde skogen.

Vedtaket i seg sjølv er oppsiktsvekkjande, enda meir oppsiktsvekkjande er det at formannskapet som går inn for dette har sterk overvekt av Sp-politikarar. Eit argument frå politikarane er at brukaren har fått delt frå ei sæter og beite tidligare, og at det vedtaket har gjort det vanskeleg for eventuelt andre å starte drift på garden.

Hovudargumentet for eigaren, slik det framkjem i artikkelen, er at ho ikkje ser for seg at borna ynskjer å drive med landbruk. Det er nok minst 10-15 bruk i Heidal som allereie er i same situasjon. Kan dei også nå regne med å få delt frå, og slik kanskje sikra seg ein betre alderdom? Og kva konsekvensar får i såfall det?

Fleire representantar i formannskapet peiker på at dei er redd for at vedtaket vil skape presedens. Den betraktningar er nok heilt reel. Likevel vel dei å fatte eit vedtak som dette. Ein kan undre seg over kva som har skjedd mellom det fyste og dette siste vedtaket.

Vi ynskjer levande bygder med tilflytting av yngre folk. Dette vedtak er slik eg ser det med å gjere det enda mindre sannsynleg at det skjer. Vedtaket kan vere starten på slutten for landbruk og nyetablering i Heidal. Gardsbruk der etterkommarane av ulike grunner ikkje ynskjer å arbeide, vil kunne behalde hus og driftsbygg- mens jorda vert solgt til eksisterande bruk. Dette vil gjere det uråd for unge med landbruksinteresse å kome inn på marknaden og etablere seg.

Eg vil våge å minne på at det ikkje er ein menneskerett å eige ein gard, samstundes handlar dette ikkje om EIN gard, men om ei kommune med svært negativ folketalsutvikling og kva konsekvens dette enkeltvedtaket vil kunne få. Eg vil understreke at eg forstår eigaren av gardens interesser, men politikarene må uavhengig av enkelt personers behov og interesser fatte vedtak som er til det beste for utvikling og busetning.


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags