Gå til sidens hovedinnhold

Flott initiativ frå sparebanken!

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Kampanjen som banken har sett i gang med å få folk til å flytte til regionen er svært positiv. Samstundes er eg usikker slagordet «flytt til fjells». Eg vil tru at det er mange av oss som bur i Nord-Gudbrandsdalen, ikkje kjenner oss att i at vi bur i fjellet. Eit betre slagord kunne kanskje vore: «flytt nærmere fjellet»? Uansett er det gledeleg at banken tek eit så viktig samfunnsansvar. Saman med andre næringsdrivande, kommunane og ikkje minst innbyggjarane er det håp om at slike engasjement vil skape ein ny boom i Nord-Gudbrandsdalen!