– Eit morosamt bestillingsverk. Utfordrande, men veldig artig, seier Vegar Vårdal.

Han og kona Mette Vårdal driv selskapet Kultivator. Det er Kultivator som står bak prosjektet.

I tillegg til Vegar Vårdal som komponist og utøvar på fele, er Mari Midtli på vokal og Oddrun Lilja Jonsdottir på gitar med. Tor Magne Hallibakken står for lyden og Carl Petter Opsahl er produsent. Mette Vårdal er historisk konsulent og ansvarleg for tekstutvalet.

Fann tekstane omtala i ei bygdebok

Mette Vårdal fortel at Østen Kjørren (1722–1805) var husmann og treskjerar, og var busett på husmannsplassen Kjørren i Nedre Heidal. Han var fødd på Sandbu i Bredebygden.

– Han var djupt religiøs og dreiv med kyrkjekunst. Han har mellom anna skore ut akantusinnramminga til altertavla i Vågå. Kjørren skreiv songtekstar heile livet. Desse samla han i ei handskrive bok.

Mette Vårdal fann omtale av songtekstane til Kjørren i ei bygdebok, og fatta interesse.

– Kjørren skreiv over 30 songar. Vi har valt ut nokre, som Vegar har komponert og arrangert musikk til, forklarer ho.

Prosjektet har fått namnet VorSuplicas», som tyder vår bøn.

Skriv bok om Kjørren

Mette Vårdal har skrive ei bok om Kjørren, som kjem samtidig med CD-en.

– Kjørren skriv mykje om livet på 1700-talet. Han skriv om nattefrosten i 1722 som øydela avlingar og førte til matmangel og sult, og han skriv om Stor-Ofsen i 1789 – om at folk spring og at jorda blir borte under føtene deira. I jula vart dette ekstremt relevant, med skredet i Gjerdrum. Naturen påverkar på same måte nå som den gongen, sjølv om liva våre er så forskjellige, seier Vårdal.

Ho beskriv språket til Kjørren som gammalmodig språk, med innslag av dialektord.

– Vi har arbeidd litt med det. Tekstene har framleis 1700-talspreg, men Mari Midtli på vokal uttalar orda som døl. Det er heile tida tilpassing. Vi skal eige musikken som blir laga, ikkje kopiere noko som er 250 år gammalt.

Den første veka i januar samla utøvarane seg i Vågåkyrkja for å spele inn CD. Innspelinga vart gjort på fire dagar. I tillegg reknar Vårdal med at det går med tre-fire dagar til miksing i etterkant.

Dei fleste songane har over 20 vers.

– Det er mykje tomprat før han kjem til poenget, ler Mette Vårdal.

– Skal vere relevant i dag

Vårdal seier tekstene går mykje på menneska sitt forhold til naturen. Ho viser til uforutsigbarheit den gong, som nå, og nemner skredet i Gjerdrum og pandemi som døme frå kvardagen vår i dag.

– Det skal vere relevant i dag. Det er interessant å sjå korleis ein på 1700-talet levde i forhold til naturen, og korleis vi gjer det i dag. Uansett korleis vi lever, er vi så avhengige av at den jorda vi lever på fungerer, seier Vårdal.

Ho fatta interesse for Kjørren fordi ho er, slik ho beskriv det sjølv, «litt over snittet historisk interessert».

Lette uttrykket

Vegar Vårdal forklarer at når han lagar musikk til desse tekstene, går han inn i tekstene for å sjå kva dei handlar om.

– Eg lagar melodiar som følgjer tekstformelen, finn kjernen i teksten og skriv den over til melodi.

Mange av tekstene beskriv har som dystre. Difor har han vald ein del instrumentalmelodi i musikken for å lyse opp og legge uttrykket. – Eg har teke utgangspunkt i folkemusikktradisjonen her.

Han tykkjer det er artig å gå inn i tematikken frå 1700-talet og sette det i lys av dagens hendingar.

– Skredet i Gjerdrum. Naturkatastrofar og miljøperspektivet og grøne, berekraftig levesett – kor mykje vi menneske faktisk påverkar naturen. Vår bønn til oss sjølv og verda, at vi følgjer med på naturen.

Kultivator har Riksscenen i Oslo, Gjendesheim turisthytte og Norsk fjellsenter i Lom som samarbeidspartar i prosjektet.