Gå til sidens hovedinnhold

Faktafeil om læreplassar i Vågå

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

I avisinnlegg 8. mars skriv varaordførar Live Langøygard om læreplassar i Vågå. I omtala av Vågå SV sitt forslag i kommunestyret den 18. februar er det vesentlege faktafeil. Der stemde Ap og Bygdalista ned SV sitt forslag om styrking av vilkåra for lærlingane i regionen.

Vågå SV er opptekne av at ungdom skal ha mot til å satse på yrkesfag, og at lærlingar skal ha tilstrekkeleg tilgang på læreplassar. Kommunane må sjølve sørgje for å stille med nok plassar, men like viktig er kommunen si rolle som tilretteleggjar og pådrivar for at private verksemder tek sin del.

I samband med at rullering av handlingsplan for næring og reiseliv var oppe til behandling i kommunestyret 18. februar, var ikkje temaet om nok læreplassar med i innstillinga til vedtak. Derfor fremma Vågå SV eit tilleggspunkt: «Det er ei målsetting at alle yrkesfagelevar som ynskjer det skal få læreplass i regionen».

Forslaget var grunngjeve slik: «Vågå SV vil stimulere til at fleire elevar vågar å satse på yrkesfag i det vidaregåande skuleløpet, dvs. to år i skule og to år i bedrift. Nord-Gudbrandsdal er ein arbeidsmarknad, og da må kommunane i samarbeid legge til rette for at det til kvar tid er nok læreplassar, både i kommunane og i bedriftene.»

Forslaget fekk full støtte frå Sp-gruppa i kommunestyret, men vart nedstemt av Ap og Bygdalista. Live Langøygard sitt argument var at forslaget ikkje var konkret nok. Likevel tok ikkje ho eller nokon annan i posisjonspartia Ap og Bygdalista til orde for å formulere forslaget annleis, slik at også dei kunne stemme for det. Og det var det anledning til, for SV sitt forslag var ingen interpellasjon, slik Live Langøygard skriv, men eit konkret tilleggsforslag i sjølve saka.

Ikkje konkret nok? Vi meiner det går fint an å måle oppnådd resultat i høve ei målsetting på 100% («alle»). Det er både konkret, men også svært ambisiøst. Like fullt er nok læreplassar så viktig, både for ungdommen vår, næringslivet vårt og samfunnet vårt, at vi meiner målsettinga må lyftast fram i alle samanhengar der vi diskuterer næringsutvikling og busetting i norddalen. SV sin intensjon var å få eit vedtak som Vågå sine representantar kunne ta med inn i regionrådet, til vidare drøfting og med håp om at alle norddalskommunane kunne einast om lik målsetting. Det stod ingen ting om 50 læreplassar i vårt forslag, slik Live Langøygard skriv.

Når varaordføraren har behov for å forklare kvifor Ap og Bygdalista sjølve ikkje tok opp temaet læreplassar for yrkesfagelevar i samband med handlingsplanen for næring og reiseliv, og attpå til stemde ned SV sitt forslag, så meiner vi det er viktig å opptre ryddig med fakta. Vi i SV vart mildt sagt overraska over at Ap ikkje ville ha med noko i vedtaket som styrka yrkesfagelevane sine vilkår. Når det er sagt, så er det berre fint dersom Vågå Ap kjem etter «over åsane».