Gå til sidens hovedinnhold

Eitt smittetilfelle i Vågå

Det er torsdag bekrefta eitt smittetilfelle av covid-19 i Vågå kommune.

Kommunalsjef for helse i Vågå, Odd Erik Sveen, orienterte Vågå formannskap om situasjonen torsdag.

Sveen opplyser at vedkommande er sett i isolasjon. Smitteveg er kjend og nærkontaktar er testa.

Til saman er det per torsdag ettermiddag sju bekrefta smittetilfelle av covid-19 i regionen.