Ein smitta i Vågå: – Følg karantene-reglane

– Vågå har ein påvist smitta pr. nå, som er avklart med tanke på smittesporing. Dei som testar negativt skal halde seg heime til symptom er borte.

DEL

Det melder Vågå kommune i sin daglege oppdatering.

Corona-koordinator vil utvide tilbodet sitt og kan kontaktast frå kl. 08.00-20.00 kvar dag inklusiv helga på telefon 95 25 39 90.

– Intervju på smittesporing vil ta tid så vi ber om forståing for at det kan vere noko ventetid på telefon, skriv Vågå kommune i pressemeldinga.

Kommunen er opptekne av at karantene-reglane blir følgd opp. Karantene inneber at ein ikkje søker opp andre menneske, går på butikken eller til forsamlingar av folk. Ein skal heller ikkje ha omgang med andre som er i karantene.


Stengde ungdomsskulen

Vågå ungdomsskule held stengt frå i dag og neste veke, med omsyn til anbefalingane frå Fylkesmann. Det inneber at skuletur til Maurvangen i veke 12 går ut.

– Det er viktig å presisere at elevane ikkje har fri, men får ei anna form for undervisning.

Kulturskulen og idrettshallen vil bli stengt denne og neste veke av dei same grunnane som ungdomsskulen.

Kommunen ber om at ungane/ungdommane unngår å vere saman på fritida slik at eventuell smittespreiing blir minst mogleg.

Barneskulane og barnehagane har normal drift i dag, men situasjonen blir følgd tett.

– Fylkesmann ber oss om å halde barneskulane og barnehagane opne så lenge som råd sidan det har store samfunnsmessige konsekvensar å stenge. Ungar og elevar som er infeksjonssjuke skal vere heime. Utsette grupper bør vurdere å skjerme seg og ta ekstra omsyn. Drøft med arbeidsgjevar og ta kontakt med legen dersom du er usikker.

Vågå kommune avlyser arrangement i samsvar med anbefalingar frå Fylkesmannen.


Artikkeltags