Litt før klokka eitt natt til måndag vart politiet ringt opp om ein brann i ei hytte ved Tesseosen i Vågå.

Både politi, brannvesen og ambulanse rykka ut.

– Da politiet kom til staden var det full fyr i hytte, ein bil og eit anneks, opplyser fungerande seksjonsleiar etterforsking i Nord-Gudbrandsdalen, Kristian Garcia de Presno, til Norddalen.

Han fortel vidare at det er ingen som er sakna og ingen som er skadd etter brannen.

Politiet har valt å pågripe ein person, mistenkt for muligens å ha tent på brannen.

– Spor på staden og informasjon som politiet har fått har ført til at politiet har valt å pågripe ein person, fortel de Presno.

Nå blir det jobba vidare med avhøyr av vitne og personar som har vore i området. Åstaden skal undersøkast når det blir kaldt.

– Dersom det er nokon som har vore i området i går kveld/natt og har sett eller høyrt noko så er vi interessert i at dei tek kontakt med politiet, seier de Presno.