Ei salmebok frå 1700-talet gav grunnlag for ny installasjon i Ullinsvin

Han er langt betre kjent som trekunstnaren som skar akantusrankene i Vågåkyrkja. Men, heidølen Estin Kjørren skreiv også ei salmebok. Ivar Kleiven såg ikkje på han som nokon stor diktar og andre meinte det var religiøst smørjing, men for Kultivator vart salmane frå 1700-talet grunnlaget for ein heilt ny installasjon.