– Eg hadde nok ikkje vorte kokk dersom eg som 16 åring hadde måtta flytta frå heime for å ta utdanninga

Sidan 2008 har Opplæringskontoret Brimi-kjøken utdanna i underkant av 70 ungdommar. For Kine Renate Bakken var det ingen sjølvfølge at det var kokk ho skulle bli. For ungjenta vart det avgjerande at ho kunne ta utdanninga på Otta der fleire av vennene hennar gjekk på andre linjer. – Eg valde meg bort frå alle vennane mine da eg valde Restaurant og matfag. Det var kjempe hardt.