Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Kommunevalet blir Sel annleis i år, med berre tre parti å velje blant. Arbeidarpartiet og Senterpartiet kjempar om å bli størst, medan Sosialistisk venstreparti veks mest. Skal ein tru meiningsmålingane, kan SV hamna på vippen. Korfor kan det vera bra for politikken i Sel?
SV er på parti med natur og miljø. I viktige saker som å bevare villreinstammen i Rondane er vi klare til å følgje opp dei tiltaka som fagfolk seier er naudsynte. Det partiet som skal få vår støtte i denne saka, må vera på villreinens side.
Sel SV har som einaste parti vore klare på at vi ikkje ønskjer dei nye løypetraseane som er føreslåtte på Mysusæter og Høvringen. Hensikten med dei er tydelegvis å brøyte meir veg, noko som gagnar nokre få, men er til ulempe for mange. At vi snakkar om område som er nær villreinsona, gjer ikkje saka betre.
Noregs bonde- og småbrukarlag har kåra SV til partiet med den beste landbrukspolitikken. Sel SV vil særleg støtte dei middelstore bruka i kommunen med tilleggsjord og -skog, slik at også neste generasjon vil finna det verdt å ta over. Vi finn det òg viktig å formidle støtte og kunnskap til dei som vil satse på berekraftig produksjon.
SV har sørga for at regjeringa har ført ein meir sosial og utjamnande politikk på fleire område. Sel SV ønskjer å spela den same rolla lokalt. Viktigast no er å få fart på utbygginga av institusjonar for eldre og sjuke. Vi må òg føre ein personalpolitikk som sikrar at vi har fagfolk til å ta seg av dei pleietrengande.
Eit sterkt SV på vippen i Sel vil ha ei hand på rattet i desse og andre viktige saker. Les programmet vårt og gjer eit godt val!