– Det er store utfordringar knytt til rekruttering. Det som brenner mest nå er sommarvikarar primært innan helse, sa kommunedirektør i Vågå Jan Egil Fossmo under ei orientering i Vågå formannskap nyleg.

Det er særleg utfordrande å få tak i folk med sjukepleiarfagleg kompetanse.

Generell utfordring

Fossmo forklarte at det er så lite søkjarar at kommunen ikkje klarer å dekke bemanninga på ein forsvarleg måte utan å måtte leie inn folk gjennom rekrutteringsbyrå.

Kommunen har sett på både rekruttering av pensjonistar, om folk kan utsette ferie og omdisponering innan helsetenesta.

– Vi har måtta bruke rekrutteringsbyrå til å få sommaren til å gå opp, sa kommunedirektøren,

Også i Sel kommune er det utfordringar med å rekruttere arbeidskraft inn mot sommaren. Ledige stillingar har vore lyst ut fleire gongar.

– Tenestene innan helse og omsorg har lyst ut stillingar for 3. gong. Det er ei generell utfordring å rekruttere. Vi har særleg behov for sjukepleiarar og lege, seier Solveig Nymoen, kommunedirektør i Sel kommune.

Næringslivet melder om rekrutteringsutfordringar

Det er ikkje berre innan kommunal sektor at rekruttering av folk byr på utfordringar. Også i næringslivet er rekruttering eit problem.

– Næringslivet i Vågå ønskjer å utvikle seg og satse vidare. Rekruttering er ei av dei største utfordringane som må løysast for dette. Næringslivet i Vågå ønskjer at kommunen skal jobbe aktivt for å skape eit attraktivt og aktivt lokalsamfunn, opplyste Live Brimi, næringskoordinator i Vågå kommune, under ei orientering i Vågå formannskap nyleg.

Ho orienterte om resultata av ei spørjeundersøking kommunen har gjennomført blant næringslivet i kommunen. Hensikta var at kommunen ønska å finne ut kva dei kunne bli betre på og kva som skal til for at Vågå skal bli ei meir næringsvennleg kommune.

Det store fleirtalet av aktørane som svarte på undersøkinga ser for seg å auke aktiviteten sin dei neste fem åra. Det dei har meldt inn som viktigast for å auke aktiviteten er rekruttering, kapital og kapasitet.

– Og rekruttering er ganske tydeleg. Dette er trendar og signal eg får frå næringslivet generelt.