– Eg tykkjer det ser spennande ut å vere journalist. Eg hadde lyst til å vere med og sjå korleis det er å jobbe som det.

Det seier Ingvild Horten-Bakken om kvifor ho ville prøve seg på journalistyrket da ho skulle finne utplasseringsplass.

9.-klassingen er i tillegg glad i å uttrykke seg skriftleg.

– Eg likar godt å skrive, seier ho.

– Spennande og artig

Denne veka er elevane på 9. trinn ved Vågå ungdomsskule på utplassering i ulike bedrifter for å få prøve seg litt i arbeidslivet.

Horten-Bakken har mellom anna vore med ute på oppdrag og ho har fått prøvd seg på å skrive sjølv.

– Det har vore både spennande og artig så langt. Eg har sett fram til å få vore med og til å få prøve litt sjølv, seier ho.

Horten-Bakken tykkjer det er bra at dei har utplasseringsveke gjennom skulen.

– Det er bra, for da får vi prøvd oss litt på korleis det er å vere ute i arbeid. Også er det noko litt anna enn skule.

Sosial på fritida

På fritida brukar Horten-Bakken mykje tid i lag med venner. Ho likar å vere sosial og finne på ting med andre.

Ho fortel at ho har planar om å gå studiespesialisering på vidaregåande når den tid kjem.

Og 9.-klassingen er ikkje heilt borte frå tanken om at journalistyrket er noko ho kan sjå for seg å jobbe med seinare.