Gå til sidens hovedinnhold

Demokrati i Vågå og Sel

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Kva slags politisk kultur og kva for politikarar er vi i ferd med å få i Vågå og Sel..

Vi er kjent med omgrepet politikarforakt. I desse kommunane er det i ferd med å oppstå eit nytt omgrep: Veljarforakt. I folkerøystinga om samanslåing av kommunane så seint som for 5 år sidan, var det eit klart fleirtal i båe kommunane mot samanslåing. I Vågå var det så klart som vel 82%.

Det er heilt utruleg det vi har fått informasjon om i det siste, at nå skal politikarane i desse to kommunane sette til sides folkerøystinga og sjølve bestemme samanslåing eller ikkje - og den som har gått i spissen, har eg forstått, er ordføraren i Vågå. Kva er det som får politikarar til å tru dei er så suverene, at dei veit så mykje betre enn folk flest?

Vi som har levd ei stund, hugsar folkeavrøstinga om EEC/EU i 1972 og 1994. Den gongen var det og politikarar som sto fram og fortalte oss vanlege veljarar kor lite vi forsto og kor viktig det var å bli ein del av det store Europa. I ettertid veit vi at sjølv mange av dei som den gongen stemnde ja, har endra standpunkt. På stortinget har det i alle år etter folkerøystingane vore eit fleirtal for medlemskap i EU, men til politikarane si ære har dei respektert folkemeininga.

Så vidt eg hugsar er det ingen folkevald i Vågå som er vald inn i kommunestyreperioda med eit program bak seg for kommunesamanslåing. Dette stiller det som skjer i nok eit underleg ljos. Når dette nå skal "pressast" igjennom, blir det for meg ei feigheit og ei form for lureri.

Vi veit at i visse politiske miljø er det stor tru på samanslåing/sentralisering og stordrift - også for distrikts-Norge. Meir underleg er det at i Sel er ein Sp-ordførar som går inn for samanslåing, da partiet sentralt så eintydig står for ein annan politikk og særleg tvangssamanslåing av kommunar/fylkeskommunar.

Det skal utarbeidast avtaler om korleis storkommunen skal styrast. Frå førre runde hugsar vi at noko skulle til Vågå, noko til Otta. Slike intensjonsavtaler inngått på førehand av kommunane, er nok ikkje meir verd enn papiret dei er skrivne på. Nytt kommunestyre i ein ny storkommune kan gjera dei vedtaka dei vil.