Arrangementsfond viktigare enn næring?

Av
DEL

LesarbrevGjennom dei siste 4 åra har Vågå Senterparti vorte ei «kulturparti» der eit stort arrangementsfond har vore eit mål. Sjølv om Senterpartiet sine forslag har vorte nedstemt fleire gonger, er arrangementsfondet for 2019 på kr. 400.000,-. I tillegg kjem kr. 75.000,- til kulturbasert næringsutvikling og kr. 160.000,- til kommunale kulturarrangement. Totalt kr. 635.000,-. I 2019 er Vågå kommune den kommuna i Nord-Gudbrandsdalen som brukar mest pengar på kulturarrangement.

Allereie i det fyrste budsjettet i perioda kom fyrste forslaget og dette er fulgt opp med aukingar kvart år:
2016: auke på kr. 250.000,-
2017: auke med å ta 1/5 av utbytte fra Eidefoss.
2018: auke på kr. 225.000,-
2019: auke på kr. 100.000,-
2020: auke på kr. 50.000,-
2021: auke på kr. 120.000,-
I budsjettet for 2019 som vart mest kjent for forslaget om å privatisere kommunale vegar, dette vart begrunna med at økonomien i Vågå kommune er stram. Samstundes foreslo Senterpartiet å auke arrangementsfondet med nye kr. 100.000,-. Arbeiderpartiet ville heller bruke pengane til å pusse opp ungdomshuset. Vi meiner det er ille at pengar som skulle kome ungdommen til gode heller blir brukt til arrangementsfond.

Vågå Arbeiderparti er ikkje mot eit arrangementsfond der frivillige lag og organisasjonar skal kunne få støtte, men vi meiner det er feil at dette skal vera ein så stor post i eit stramt kommunebudsjett. Og at det fortsatt skal aukast, slik Vågå Senterparti legg opp til gjennom sitt forslag til økonomiplan.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags