Gjende kjem aldri til å bli det same igjen

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevEg har minna. Eg har lærdommen. Alt dei lærte meg. All kjærleiken dei gav meg. Ikkje berre meg, men alle som kom innom for ei teneste, informasjon, ein prat eller energipåfyll som is og kaffe, Besseggen Spesial eller Tores beste kebab. Smilet og sørvisen ein vart møtt med smitta over på alle og ein kvar og heile totalopplevinga av å vere gjest ved kiosken.

Det som nå er fatta på Gjendeosen er ikkje rett. Gjennom mine sesongar på Gjendeosen vart eg ein del av familien. Vi var ikkje tilsette, vi var familie. Mine beste dagar fann stad på hyttene på Reinsvangen. Betre var det ikkje når dagens gjeremål var fråseggjord og vi kraup tilbake til dei koselege sommarheimane våre. Veggene i hyttene er fylt med mykje minner og fleir var det plass til. Samhaldet vi hadde. Fellesskapet.

Uansett kva dei har møtt på har dei alltid vore positive. Dei har vore utøvande i sørvisen dei gjev og hovudet har alltid vore retta mot utvikling av ein betre tilbod. Det verkjer i hjartet mitt å tenkje på at det ikkje er familien Hølmo ein treff når ein kjem til Gjendeosen. At Livia ikkje får realisert framtida si på staden ho er oppvaksen gjer meg vondt. Det at ein ikkje skal få oppleve «Just a little Teardrops» av The Pussycats på full guffe med Tore Caspersen bak rattet i Gjendebussen gjer meg trist. Tusen takk for alt.

Eg vil ynskje dei nye drivarane lykke til. Lykke til med å oppnå det som ein gong var.

Gjendeosen Kiosk og Parkering var ein møtestad, ei bedrift, ei framtid og ein heim fylt med kjærleik. Det hadde sjel. Nå er sjela revet ut. Kva blir vegen vidare? 

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags